– Om du løftar albogen litt, så kan vi sjå litt på det, seier overlege Øyvind Vatne til pasient Dagfinn Solheim.
Dei sit foran kvar sin dataskjerm, Vatne på sentralsjukehuset i Førde, Solheim på Nordfjordeid.
Lettare arbeidskvardag
– Vi ser det faktisk nesten betre enn om vi berre brukar augene når pasienten sit ved sidan av, seier Vatne til NRK.
For den røynde hudlegen har kvardagen blitt langt enklare etter at Helse Førde tok i bruk høgkvalitets webkamera for at pasientane skal sleppe den lange reisa til sentralsjukehuset.
– Det gjer også min arbeidsdag lettare, og det gjer at eg kan nå fleire pasientar nær heimen enn kva eg gjorde før, seier Vatne.
- LES OGSÅ:
Fint å sleppe å køyre
Pasient Dagfinn Solheim tykte iallefall at det var veldig greitt å sleppe å køyre dei 10 mila frå Eid til Førde for å få sjekka utslettet.
– Kort reisetid, og du får undersøkt det du skal. Det er jo heile poenget. Det fungerte veldig greitt. Eg fekk snakke med legen, og han forstod kva som var problemet, meiner Solheim.
Trur det blir langt meire
Anne Margrete Øvsthus er prosjektleiar for telemedisin i Helse Førde. Ho er overtydd om at dette no er så bra kvalitet på, at det vil bli teke i bruk langt meir i tida framover.
– Eg trur telemedisin kjem til å bli omfattande. Både pasientar og helsepersonell slepp lange reiser. Men samstundes så kjem ein tett på kvarandre slik at legen og pasienten kan samhandle. Det skjer på ein annan måte, men på ein like god måte.