Hopp til innhold

Her er vegen så humpete at glasrutene går i tusen knas

Telehiva på fylkesveg 55 er så kraftige at glas og vindauger som vert transporterte til og frå Fjordglas får skadar. Det kostar tid og pengar, og skjer trass i at bedrifta pakkar produkta sine langt over snittet godt.

Created by InfoDispatcher

HUMPEHUMPE: Fylkesveg 55 filma gjennom hjelmkamera frå ein lastebil på 7,5 tonn. Foto: Øystein Veum/redigering: Tone Merete Lillesvangstu

– Me får råglas tilsendt frå Fredrikstad ein gong i veka. Sjåføren køyrer 45 mil totalt. Men det er dei siste ti kilometrane inn til oss som er utfordringa, ikkje dei 400 før, seier Øystein Veum, som er logistikksjef i Fjordglas.

Vegstandarden er så galen at Fjordglas må pakke varene sine ekstra godt slik at dei toler turen mellom Luster og Gaupne - der verksemde held til, før dei vert frakta ut til resten av landet. Likevel er det ikkje alltid det er nok.

Har stadig skadar på varene

– Vi har varer som vert skada med jamne mellomrom, ja. Både på veg inn og ut. Det er ei stor utfordring for oss, og det er ein kostnad som me må ta. Det tek ein del av dagen vår at vi må skøyte på produkt som kan verte skadde både inn og ut, seier Veum.

Øystein Veum

HUMPETITTEN: Øystein Veum er logistikksjef i Fjordglas, og er mektig lei av vegstandarden på fyleksveg 55 i Luster.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Skjer dette ofte?

– Det skjer jamt og trutt. Me brukar mykje krefter i produksjonen for å pakka produkta våre skikkeleg slik at dei ikkje får skade før dei har komme første mila ut til Gaupne, seier Veum.

– Så de pakkar varene ekstra godt?

– Når me er på byggjeplassar og ser produkt som er leverte av andre, så er desse pakka på ein litt enklare måte. Me brukar mange timar og mykje emballasje for å få varene til å stå i ro slik at ikkje kunden vår får problem når vara kjem til byggjeplassen, seier Veum.

Må halde på hatten

Dei som bur, pendlar og nyttar fylkesveg 55 mellom Gaupne og Luster er godt vane med utfordringane det byr på å køyre vegstubben. Tidvis er vegen svært smal, og standarden er einskilde stader svært dårleg med store slaghol og øydelagd asfalt.

På denne tida av året er telehiva på sitt mest plagsomme, og det merkar Øystein Veum, godt, både som pendlar og som produsent av vindauge for heile landet.

– Det er så ekstremt med telehiv at me må halda på hatten for å komme oss på jobb. Einskilde stadar er det så gale at det kan øydeleggja både bilar og varer. Det er ikkje lett å handtere for vanleg trafikk, seier Veum.

(Artikkelen held fram under biletet)

Telehiv

VARSLA: Ifølgje dei som køyrer strekninga er slaghola og telehiva så kraftige at vanlege personbilar slår nedi dersom dei køyrer for fort.

Foto: Øystein Veum

Brukar lengst tid på kortaste vegen

Han pendlar dagleg dei vel fire mila mellom Sogndal og Luster. Utruleg nok er det siste fjerdedel av vegen han brukar mest tid på, spesielt sommarstid. For då er det ikkje berre den vanlege trafikken som fyller fylkesveg 55. Opp att på får ein alle turistane, både i buss og i bubil.

– Eg brukar lenger tid frå Luster til Gaupne enn frå Gaupne til Sogndal, endå det berre er ein fjerdedel av turen. Det seier litt om kor mykje du må stoppe og rygge for å klare å passere på det verste, seier Veum.

Han er overraska over at det ikkje er gjort meir for å betre vegstandarden på strekninga.

– Det er enkle grep som kunne gjort kvardagen til dei som nyttar vegen dagleg mykje betre, seier Veum.

Man han innser at det iallfall ikkje vil skje noko denne sesongen.

– Me må leggje opp til at me har ein dårleg veg. I tillegg opnar Sognefjellet i mai, då kjem også cruisetrafikken. Det kjem opp att på den elendige standarden som er, seier Veum.

Føresler kolonnekøyring

Han er spent på dei første cruiseskipanløpa i Skjolden. Fleire av desse turistane skal fraktast rundt i Luster med buss for å få sett litt av området. Dermed må dei ut på den smale og humpete fylkesveg 55, noko som skapar ein ytterlegare trafikkauke.

– Det blir busstrafikk både inn og ut. Eg oppmodar politikarane til å stå på for å få utbetra vegen, seier Veum.

Han innser at det neppe er tid til å gjere noko før årets turistsesong, men han har eit heilt konkret forslag.

– På einskilde stader bør ein ha kolonnetider, for det er rett og slett ikkje råd å komme seg fram. Vi som næring må berre rekne meir tid både inn og ut. Og vi må følgje og informere dei som kjem til oss med varer at slik er det berre, slik at ein slepp både kork og skade, seier Veum.

(Artikkelen held fram under biletet)

Turistveg

MOTSETNAD: Fylkesveg 55 er nasjonalturistveg, og då er ikkje alltid tunnel eit godt alternativ.

Foto: Øystein Veum / NRK

Ordførar trur på midlar

– For Luster sin del er det heilt klart trong for opprusting av fylkesveg 55, det har det vore i lengre tid, seier Luster-ordførar Ivar Kvalen (Sp).

For nokre veker sidan hadde han med seg fylkesutvalet for samferdsle på synfaring på strekninga. Det er nemleg opp til dei å løyve pengar til utbetring av vegen.

– Dei såg spesielt på strekninga Nes-Høyheimsvik, og vi såg på fleire av dei vanskeleg partia. Dei var heilt klare på at det her trengst utbetring, men det er sjølvsagt pengar det står på. Det var dei ikkje tydelege på, seier Kvalen.

Regional transportplan har høyringsfrist i april, og her kjem Luster til å leggje inn støtet.

– Vi kjem til å fronte spesielt denne parsellen på fylkesveg 55 frå Nes til Høyheimsvik, men vi kjem også til å peike på vegen vidare inn til Fortun, seier Kvalen.

Med cruisekai i Skjolden vert trafikken ytterlegare forsterka.

– Tenkte politikarane nøye gjennom dette då dei godkjende cruisekai i Skjolden?

– Opprusting av fylkesveg 55 har vore i planane heile tida, og det kjem nok uansett. At vi fekk ein gründer som etablerte cruisekai i Skjolden bør etter mi meining styrkje argumentet for å få fortgang i arbeidet med å ruste opp fylkesveg 55, seier Kvalen.

Kunne ikkje vente med cruisekai

Med cruiseanløpa kjem det bortimot 100.000 cruiseturistar til Luster årleg i åra framover.

– I tillegg veit vi at når Sognefjellet opnar vil trafikken aust-vest auke monaleg, det er også noko vi marknadsfører tungt. For å unngå både kork og farlege situasjonar, i tillegg til at dette er ein viktig pendlarveg, så må fylkespolitikarane gjere det dei kan for å skaffe pengar til fylket for å betre fylkesvegane våre, seier Kvalen.

Ivar Kvalen, ordførar i Luster kommune

HAR TRUA: Luster-ordførar Ivar Kvalen trur utbetringa kjem, og er klar på at ein ikkje kan utsetje utvikling av den grunn.

Foto: Luster kommune

– Men var det lurt å vedta cruisekai som gir trafikkauke på ei strekning som i utgangspunktet har problem med å ta unna dagens trafikk?

– Skal du vente med næringsutvikling til vegane i Sogn og Fjordane er ferdige, så blir det altfor defensivt. Her må vi gripe sjansen når gründerar og næringsliv ønskjer utviding, og så får vegane komme etter kvart, seier Kvalen.

Men det er ikkje store potten samferdslepolitikarane i fylket har å strø om seg med. Så når fylkesveg 55 får monaleg betre standard, det er vanskeleg å tidfeste, medgir Kvalen.

– No har Vegvesenet gjort utgreiing av heile fylkesveg 55 der dei har prioritert denne strekninga frå Nes og innover ganske høgt. Eg opplever interesse og velvilje frå vegetaten om at parsellen må utvidast. Men akkurat no er det litt lite midlar på budsjettet, men vi har jo allereie høyrt lekkasjar frå NTP. Eg har tru på at ein del kan løyse seg med auka løyvingar frå staten, seier Kvalen.

Myke telehiv og teleskade

Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Nils Magne Slinde stadfestar at fylkesveg 55 har sett betre dagar.

– Til lags med mange andre fylkesvegar av eldre dato, så er heller ikkje fylkesveg 55 dimensjonert for frostmengd, iallfall ikkje slik som vi har hatt i vinter. Her er det mykje telehiv og teleskade, seier Slinde.

Han trur noko vil gi seg når telen slepper om nokre veker, men skal ein komme problemet heilt til livs, må vegen byggjast ny. Og skal ein gjere noko med det faktum at vegen er for smal, så må det også sterkare lut til.

Nils Magne Slinde, Statens Vegvesen

ER SMAL: Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Nils Magne Slinde, stadfestar at fylkesveg 55 treng utbetring.

Foto: Siri Kleiven Strøm / NRK

– Det må sikrast relativt store økonomiske midlar for å gjere slikt, seier Slinde.

Han peikar på at dersom ein skal utbetre parsellen, så vil det betyr at store delar av vegen hamnar i tunnel. Det strir med målsetjinga for ein turistveg.

Lite turistvenleg med tunnel

– Litt av attraksjonen som er grunn til at folk ønskjer å komme til desse tronge fjordane, er jo at terrenget er urørt og at dei kan sjå fjordane. Det er litt målkonflikt dersom vi då byggjer tunnelar som dei må køyre i, seier Slinde.

Fylkesveg 55 er ein del av fylkesvegnettet, dermed er det fylkestinget som prioriterer midlane.

– Dei lagar sine planar i fireårsbolkar, og vi er inne i siste år av siste bolk no. Det har ikkje vore prioritert noko til denne strekninga i denne perioden, seier Slinde.

Fylkeskommunen driv no og lagar ny regional transportplan.

– Den skal slutthandsamast i fylkestinget i desember, og då gjeld den for dei tiltaka vi skal gjere på fylkesvegnettet i kommande fireårsperiode, seier Slinde.