Hopp til innhold

Fryktar is kan føre til ulukker

Thord Are Stølen er skremt og oppgitt over at det dei siste dagane har fått vekse seg eit tjukt lag med is i vegkanten og inn i vegbana i Høyangertunnelen. – Dette kan gå skikkeleg gale, seier han.

Tjukk is inne i Høyangertunnelen

ILLE: Thord Are Stølen forstår ikkje at denne isen har fått vakse seg så tjukk utan at noko er blitt gjort for å fjerne den.

Foto: Thord Are Stølen

Dei siste to vekene har han lagt merke til vatn som dryp frå tunneltaket og ned i vegbana på tunnelen på fylkesveg 55 mellom Høyanger og Lånefjorden. Med bitande kalde minusgrader ute blir det også kaldt inne i tunnelen, og vatnet har frose til eit tjukt lag av is.

Måndag hadde Stølen fått nok, då stogga han like godt for å ta bilete av den tjukke isen.

- Om det kjem ein bil her med litt fart, og han får panikk fordi han ser det er noko is som kjem ut i vegen, og dermed byrjar svinge. Då kan det gå gale, seier han til NRK.no.

- Det var så mykje is at eg berre vart ståande å gape.

- Ein skikkeleg hump

Det er om lag 800 meter frå Lånefjorden-sida at dei som kjem frå Høyanger møter på den islagde vegkanten.

Stølen, som sjølv har erfaring med vatn- og frostsikring i tunnelar, er skremt over at isen har fått vakse seg så tjukk, og meiner Vegvesenet må ta grep.

- Isen blir høgare ut mot kvitestripa, men dei som kjem køyrande her vil oppleve ein skikkeleg hump, seier Stølen.

- Vatnet har også runne litt utover, så det er klink is i området, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tjukk is i Høyangertunnelen

VIL SETJE OPP SKILT: Thord Are Stølen reagerer på at det ikkje er sett opp skilt på staden. Vegvesenet lovar at dette skal bli gjort.

Foto: Thord Are Stølen

Meiner plassen burde vore merka

Han meiner det er rart at dei som er ansvarlege for vedlikehaldet av vegen ikkje har gjort noko for å få vekk isen. Stølen reagerer også på at det ikkje er varsla om isen, verken med skilt eller med kjegler.

- Isen burde vore skrapa vekk, men eg forstår jo at det vil kome ny så lenge det er kaldt ute, seier Stølen til NRK.no.

- Eg er redd det kan skje ulukker her, det er nok mange som har hatt hjerte i halsen når dei køyrer her, seier han vidare.

Vedgår at dette ikkje er greitt

Seksjonsleiar i Statens vegvesen i Sogn, Eivind Yttri, har sett på bileta frå tunnelen måndag kveld. Etter at vegvesenet vart gjort merksame på den tjukke isen har dei varsla entrepenøren. Yttri sa ved 20-tida måndag kveld at dei allereie hadde sendt ut ei gravemaskin for å få vekk isen.

Yttri vedgår at det ikkje skal vere så mykje is langs vegkanten og ut i vegbana inne i ein tunnel.

- Det er ei utfordring å halde ein slikt problem i sjakk med den temperaturen vi har no, men då må vi kompensere det med skilting, seier han.

Vil setje opp skilt

Han seier at ein del av tunnelplatene akkurat her har vore skada, og at det er fordi desse er vekke at vatnet får drype ned i sjølve vegen.

- Vi er nøydde å gjere dei grepa vi kan midlertidig for å halde dette i sjakk, seier Yttri og seier dei vil få opp skilt og at dei blir nøydde å skrape vekk is med jamne mellomrom.

Kor tid ein vil få ordna med ei ny plate i tunneltaket kan han ikkje svare på no.

Tjukk is inne i Høyangertunnelen

TAKPLATE ER VEKKE: Eivind Yttri i Statens vegvesen seier det akkurat her er vekke ei plate i taket etter at den vart skada. Kor tid dette blir fiksa kan han ikkje svare på måndag kveld.

Foto: Thord Are Stølen