Hopp til innhold

Steinras stengde fylkesveg 55

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Fylkesveg 55 var ein periode stengd mellom Vadheim og Høyanger. Det var usikkert om vegen ville opne att i dag.

Vegmeldingssentralen fekk melding klokka 1741 om steinar som hadde falle ned i vegen.

Vegen vart stengd ved Nordeide.

– Det kom ned ein del. Største steinblokka vart antyda til å vere på storleik med ein halv traktorskuff, sa vaktoperatør Kjetil Molvær ved Vegmeldingsentralen i Lærdal i 18.30-tida.

Opna vegen

Det var uvisst om vegen ville bli opna att i dag. Like før klokka 19 var vegen opna att.

– Entreprenøren har vore på staden og rydda. Det var ikkje store mengder som hadde kome ned, og då det var roleg på staden meinte byggherrevakta at det var greitt å opne, seier Molvær.

Såg røykskya

Bjørn Høgset Farsund frå Vadheim var på veg frå Høyanger då han plutseleg såg ei stor steinblokk i vegen. Steinen hadde truleg nett kome ned då han kom til staden.

– Den største steinen tippar eg veg mellom eit halvt tonn og eitt tonn. Den sperra halve køyrebana, og røykskya stod framleis. Då det kom meir mindre steinar ned i vegen tok eg ikkje sjansen på å bli der lenger, seier Farsund.

– Sjølv om det berre var mindre steinar, så kan det jo vere byrjinga på noko større, legg han til.

Frykta meir stein

Dermed køyrde han frå staden samstundes som han varsla Vegmeldingssentralen. Farsund seier punktet er eitt av fleire langs fjorden der det kjem ned steinar.

– Eg såg steinen ligge der, så eg fekk bremsa opp. Men eg tippar at den kom ned 15-20 sekundar før eg kom til staden, seier han og er glad for at han ikkje kom litt tidlegare til rasstaden.

– Hadde den treft, så kunne den nok gjort bra skade, ja, avsluttar han.