Hopp til innhold

«Eg ynskjer å vere her for familien eg har stifta»

Daniel (28) viser fram videoen frå eit demonstrasjonstog i Oslo. Om litt kan det vere politiet som bankar på døra til familien hans på asylmottaket i Jølster.

Daniel

FRYKT: Daniel fryktar følgjene dersom han blir sendt attende til Etiopia. – Eg har etablert ein familie i Norge. Eg ynskjer å sjå dei vekse fram, og ynskjer å vere der for dei, seier han.

Foto: Katrine Nybø / NRK

I dagt trer returavtalen mellom Norge og Etiopia i kraft. Avtalen opnar for at 400 etiopiarar kan sendast heim, anten friviljug mot 40 000 kroner i støtte – eller med tvang.

– Eg vil skildre dagen som ein forferdeleg dag for familien min og for resten av etiopiarane som bur i Norge, seier Daniel (28).

– Kvar gong det bankar på, kjenner eg eit stikk i magen. Er det politiet som kjem? fortel han.

Asylmottaket på Jølster

TRØYST: Trøystande ord klistra på veggen på asylmottaket i Jølster.

Foto: Katrine Nybø / NRK

Sov ikkje i natt

28-åringen er ein av mange etiopiarar over heile landet som sit med frykta for at den neste som bankar på, er politiet. Ifølgje Aftenposten har 27 etiopiarar sagt ja til friviljug retur til heimlandet etter at avtalen vart signert 26. januar.

På asylmottaket i Jølster bur han saman med kona Tegest (28) og borna Marsilas (2 år) og Yeabsira (4 månader).

– Eg er svært deprimert og uroa. I natt sov eg ikkje i det heile. Berre sat ved vindauget og kika, sprang for å sjå kvar gong det kom ein bil forbi. Eg var redd det var politiet som kom for å hente Daniel frå meg og borna, seier kona.

Fryktar for livet

Både Tegest og Daniel kom til Norge i 2008. Dei møtte kvarandre på asylmottaket i Sogndal.

Til avisa Firda fortel han at han vart stempla som terrorist og kasta i fengsel då han stilte spørsmålsteikn ved drapet på ei 14 år gamal jente i heimlandet.

Han rømde og reiste til Norge. Her har han delteke på demonstrasjonar og openlyst skildra eit tyrannisk regime. Sidan han fekk endeleg avslag på asylsøknaden for 11 månader sidan, har Berhane budd i Norge utan opphaldsløyve.

Han fryktar det som ventar om han blir sendt attende til Etiopia.

– Fengsel, tortur. Eg fryktar for livet mitt, seier han.

Ynskjer å vere her

Både Noas og Redd Barna meiner den nye utleveringsavtalen med Etiopia først og fremst vil råke uskyldige barn. Ei stor gruppe born risikerer no nemleg å miste ein av foreldra.

Men draumen til faren er det ingen som kan ta frå han.

– Eg har etablert ein familie i Norge. Eg ynskjer å sjå dei vekse fram, og ynskjer å vere der for dei, seier han.

– Blir eg sendt ut, så blir det vanskeleg for kona mi. Ho kan ikkje oppdra to born heilt åleine. Ho får ikkje gå på skule eller fungere som ein norsk statsborgar, legg 28-åringen til.

Vurderer kriseteam

På Vassenden vurderer asylmottaket å kalle inn kommunen sitt kriseteam. Dei fryktar kva enkelte bebuarar kan finne på når dei risikerer å bli sendt ut av landet.

Tesfay var i fjor på ein psykiatrisk klinikk for å få hjelp til å takle den usikre og pressande kvardagen. Den blir ikkje noko enklare no som utleveringsavtalen har tredd i kraft.

– Takk og lov for at eg har vore her for å støtte henne, seier ektemannen.

Fekk ikkje i borna mat

Inne på det vesle rommet som familien deler på mottaket, er det lite som minner om ein heim. Nedslitne møblar, gamle gardiner og eit utslite vegg-til-vegg-teppe.

Over kvar av sengene til borna heng det eit handskrive sitat: «Norge! Ikkje deporter pappaen min».

– Då eg var i Oslo for å delta i ein demonstrasjon, etterlyste mi to år gamle dotter meg heile tida. Eg er den som gir henne mat. Og då eg var vekke var det knapt ho åt. Ho sakna meg slik at kona hadde problem med å få i henne mat, seier han.

Medan 28-åringen har fått sitt endelege avslag på asylsøknaden, ligg søknaden frå borna og Tesfay framleis hos UDI til behandling.