Hopp til innhold

Tarjei beste nordmann på fellesstarten

Det var Tarjei Bø som trekte det lengste strået av dei to skiskyttarbrørne i dag. Men sjølv med 19 treff vart det berre ein sjetteplass på stryningen under fellesstarten i Pokljuka.

Tarjei Bø på liggande skyting

GOD SKYTING: 19 treff fekk Tarjei bø under fellestarten i dag.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Tarjei kunne ha vore med å kjempa om pallen, men han tapte ein del sekund på første runden. Blant anna mista han brillene noko som kosta ein del tid. Siste runden viste han at han hadde meir å gå på, så vi får trur forma er i anmarsj, oppsumerer kommentatorane Andreas Stabrun Smith og Ola Lunde frå kommentatorboksen etter rennet.

For Bø hadde lenge kontakt med teten, men etter siste skyting der han får éin bom, hamna han over halvminuttet bak. I mål er han 20,7 sekund bak vinnaren.

Martin Fourcade, Jean-Guillaume Béatrix, Anton Shipulin var alle kandidatar til å ta sigeren etter siste skyting. Ein feil av Béatrix som førte til fall gjorde at spurten stod mellom Anton Shipulin og Martin Fourcade, der Shipulin var først over målstreken.

Johannes Thingnes Bø skaut seg heilt vekk i dag med heile sju bom og hamna til slutt på ein 23. plass.

Johannes har verkeleg ein jobb å gjere skytemessig, konstaterte ekspertkommentator Ola Lunde etter dei sju bomskota.