Hopp til innhold

Stoppa spanjolar på påsketur

Sju slitne turistar frå Spania blei bedne om snu på fjelltur i Årdalsfjella.

Tyinosen

ROLEG PÅ FJELLET: Det har vore lite å gjere for hjelpemannskapa som er i beredskap i fjellet.

Foto: Andreas Veheim/Norsk Folkehjelp Årdal

– Det starta med at vi fekk ei uromelding frå nokon som er på ei hytte. Dei hadde sett sju personar som gjekk til fots og som såg slitne ut, fortel kommunikasjonsvakt Andreas Veheim i Norsk Folkehjelp.

Ei scooter-patrulje reiste innover for å snakke med turfølgjet i 30-åra.

– Det viste seg at dei var frå Spania og ikkje kledde for fjelltur. Dei gjekk til fots og var på veg frå Torholmen til Sletningsbu. Dei hadde då gått ein time og hadde om lag tre timar att.

Blei frakta på scooter

Veheim seier at dei spanske turistane verken hadde rette klede eller rett utstyr for å vere i fjellet, sjølv om turen var planlagt.

– Vi fekk dei til å snu, og dei forstod sjølv at dette ikkje kunne gå bra. Ein av dei i følgjet var svimmel og blei frakta tilbake til vegen på scooter.

Veheim seier dei har takka personane som melde frå om kva dei hadde sett.

Norsk Folkehjelp er også denne påska på plass ved Tyinosen mellom Årdal og Tyin. Utanom om å få turfølget til å snu, har det vore lite å gjere.

– Det har vore ein del folk på ski, men vêret har vore vekslande. Det har vore overskya, med litt sol og ein del vind, fortel han.

Leiteaksjon etter mann

Også Sogn og Fjordane Røde Kors har mannskap på vakt over heile fylket. Men så langt har det vore roleg i påskefjellet.

– Det mest dramatiske for oss er leiteaksjonen etter den sakna mannen i Førde, fortel beredskapsleiar Stian Antonsen.

I natt var folk frå Førde, Naustdal og Florø med på leitinga etter mannen som i dag blei funnen død i eit turområde i Førde.

– Vi hadde i tillegg 30 personar frå heile fylket på veg til Førde for å hjelpe til, seier han.

Elles har det vore ein roleg dag for Røde Kors i fylket.

– I Jølster var ei patrulje på veg for å hente ein skadd person, men han blei henta av redningshelikopter. Det har vore mykje dårleg ver som har påverka besøket på fjellet, men det varierer nok litt alt etter kvar ein er i fylket.

Meir dårleg ver i vente

Sjølv om vêret i dag ikkje har vore det beste, må ein bu seg på at det blir verre i morgon.

For det er sendt ut OBS-varsel for Vestlandet. Laurdag skal vinden auke til sørleg sterk kuling utsette stader. Det blir vindkast på 25–30 m/s. Det er også venta kraftig vind på søndag.

Laurdag blir det overskya ver, med litt regn først på dagen. Om ettermiddagen blir det meir nedbør og den kjem som snø over 800–1000 m.