– Den har vore heilt fantastisk. Vi samla oss i Førde og la oss på elva der medan 1. mai-appellane helt på. Når toget starta frå Rådhusplassen, så starta vi frå elva rett utanfor. Det var vel 38 kajakkar som sette kursen ned Jølstra og ut Førdefjorden, fortel initiativtakar Øyvind Korsøen til NRK.
Som leiar i Førde kajakklubb ønska han å bidra til den store markeringa mot Nordic Mining sine planar for Vevring, og han fekk mange med seg på turen. Korsøen har tidlegare jobba ved Havforskningsinstituttet og har doktorgrad i marine fag.
- Les også:
- Les også:
– Vi kallar det ein far stilt-parade. Vi padlar jo heilt lydlaust på sjøen og vi vil protestere mot det som har skjedd med løyve til sjødeponiet, seier Korsøen.
Han meiner at dette er ei symbolsk handling, og at det er ein av mange brikker som kan få regjeringa til å snu.
– Eg håpar at det er eit tydeleg signal, og eg skulle ønskje at enda fleire av dei som brukar naturen gjer det same i tida som kjem. Resten av våren, sommaren og hausten må vi stå på og syne at den norske naturen er unik. Det gjeld også under havflata, meiner Korsøen.