Florø-Sogndal - jubel for mål - JUBEL: Cupbombene i Florø og på Jørpeland i Rogaland skapte fotballhistorie. Aldri før har to eliteserielag måtte takke for seg i første runde av NM-cupen. - Foto: Alf Vidar Snæland /

JUBEL: Cupbombene i Florø og på Jørpeland i Rogaland skapte fotballhistorie. Aldri før har to eliteserielag måtte takke for seg i første runde av NM-cupen.

Foto: Alf Vidar Snæland

Staal og FSK skreiv fotballhistorie

Aldri før har to eliteserielag takka for seg i første runde av NM-cupen i fotball. Ikkje før Sogndal og Sandnes Ulf reiste til høvesvis Florø og Jørpeland.

3. divisjonslaga Florø og Staal Jørpeland skreiv fotballhistorie tysdag då dei sendte eliteserielaga Sogndal og Sandnes Ulf på hovudet ut av cupen.

Både Staal og Florø spelar på fjerde nivå i norsk fotball, men sendte kvart sitt eliteserielag ut av NM-cupen.

– For å seie det slik, det har aldri før vore større overraskingar i cupen. Det har aldri skjedd at lag frå nivå fem slår ut eliteserielag. Og det er første gong at to eliteserielag går ut i første runde, seier Arne Scheie.

Historias cupår

Arne Scheie - EKSPERT: Arne Scheie. - Foto: Torkel Holmø /

EKSPERT: Arne Scheie.

Foto: Torkel Holmø

Som mangeårig journalist kan Scheie skildrast som eit vandrande leksikon når det gjeld sport, og spesielt når det kjem til ski og fotball.

Og då fotballforbundet torsdag presenterte oppsettet for andre runde, er det etter ei historisk første runde.

– Dette i år er det verste nokosinne for eliteserien. Aldri før har to eliteserielag gått ut av cupen så tidleg. Lyn var den siste eliteserieklubben som gjekk ut i første runde. Det skjedde i 1993, fortel Scheie.

(Artikkelen held fram under TV-bileta)

Video Cup-bombe! - Foto: Nyhetsspiller /

SJÅ: Stefan Aase, Simen Reksten Solheim og Stian Tansø sytte for måla som sendte Sogndal ut av cupen.

Den største skrellen

NM-cupen er i år 110 år, og cupbombene har vore mange opp gjennom åra. Det vil seie, «Goliat» har måtte gje tapt for «David» ved fleire høve.

Scheie har sett tilbake til midten av 60-talet og tel ti klubbar frå nivå 1 som har måtte takke for seg i første runde. Største cupbomba av alle meiner Scheie skjedde på Jevnaker i 1974, då Aage Thoresen sprang frå forsvaret til regjerande cupmeistrar Strømsgodset og scora kampens einaste mål.

– Det var i stordomsperioden til Strømsgodset, men skrellen i Florø kjem veldig høgt. Sogndal er på andreplass i serien med to baklengsmål, og reiser til Florø og møter eit lag frå nivå fire og taper 3–0. Det er veldig, veldig uvanleg, seier han.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Desse er klar for 2. runde i NM-cupen

Tippeligaen (14 lag)    

Brann

Fredrikstad

Haugesund

Hønefoss

Lillestrøm

Molde

Odd Grenland

Rosenborg

Stabæk

Strømsgodset

Tromsø

Viking

Vålerenga

Ålesund

 

 

 

 

 

 

1. divisjon (15 lag)    

Alta

Bodø/Glimt

Bryne

Bærum

HamKam

Hødd

Kongsvinger

Mjøndalen

Notodden

Sandefjord

Sarpsborg 08

Start

Strømmen

Tromsdalen

Ull/Kisa

 

 

 

 

 

2. divisjon og lågare (34 lag)    

Asker

Byåsen

Egersund

Fana

Gjøvik FF

KFUM Oslo

Kjelsås

Kristiansund

Kvik Halden

Lørenskog

Mjølner

Mo

Moss

Nardo

Nest-Sotra

Nybergsund

Raufoss

Pors Grenland

Skeid

Træff

Valdres

Vard Haugesund

Vidar

Ålgård

Åsane

Arendal

Arna-Bjørnar

Florø

Harstad

Jerv

Ottestad

Staal Jørpeland

Stjørdals/Blink

Verdal

 

Cupen fascinerer

I Florø er det duka for ny folkefest og ny eliteseriemotstander når fjorårets tapande cupfinalist Brann gjestar 100-årsjubilanten i cupens andre runde. Staal Jørpeland får på si side besøk av FK Haugesund. Som i 2007 tapte cupfinalen mot Lillestrøm.

Men det er veldig langt mellom oskeladdane som klarer å gå heile vegen til Ullevaal. Det gjorde Sogndal i 1976. Laget som då var på nivå tre i norsk fotball tapte til slutt 1–2 for Brann.

(Artikkelen held fram under TV-klippet)

Video Intervju - Foto: Nyhetsspiller /

SJÅ: Stefan Aase (FSK), Terje Rognsø (trenar FSK) og Eirik Bakke (Sogndal) sine reaksjonar etter cupkampen.

I 2010 fekk 1. divisjonslaget Follo tittelen askeladd etter å ha slått ut både Rosenborg, Lillestrøm og Sogndal på vegen til Ullevaal og cupfinalen mot Strømsgodset.

– Det er jo dette som er så fascinerande med cupen. Og noko av årsaka til at cupen står så sterkt i Norge, seier Scheie.

Viktig for lokalmiljøet

Dei første rundene byr på mange møter mellom den lokale «David» og den lokale «Goliat».

Jo lenger ut ein kjem i cupen, dess færre lag frå lågare divisjonar blir det. Difor blir også cupbombene i første runde av dimensjonar når dei først blir detonerte.

– Det er jo den vesle klubben sin store moglegheit. Dei som spelar i 2. og 3. divisjon får store lag på besøk, dei får vist seg fram og slike oppgjer er viktige for lokalmiljøet og identiteten. Det gir også dei små klubbane pengar i kassa, seier Scheie og er glad for at Fotballforbundet legg til rette for å gje dei mange «Davidane» heimekamp i cupen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Florø-Sogndal - jubel på tribuna - JUBEL: Heimepublikumet i Florø hadde all grunn til å juble etter 3–0 over Sogndal. - Foto: Alf Vidar Snæland /

JUBEL: Heimepublikumet i Florø hadde all grunn til å juble etter 3–0 over Sogndal.

Foto: Alf Vidar Snæland

Cupen står sterkt

– Cupen levde åleine som det store innan fotball før andre verdskrig. Først etter krigen vart det dreis på seriesystemet, med det som då heitte Hovudserien. På 20- og 30-talet var cupen dei små klubbane sin moglegheit til å måle krefter mot dei store, fortel Scheie.

– Kva i alle dagar er det som får desse cupbombene til å detonere?

– Eg trur det er mange årsaker. For det første at det er blitt tettare mellom topplaga i Norge og dei nedover i systemet. Samstundes er Florø og tilsvarande lag blitt betre, og dersom eliteserielaga undervurderer og ikkje køyrer fullt lag, så kan det fort gå denne vegen, seier Scheie.

Svakheitsteikn

– Men er det eit svakheitsteikn for norsk fotball at eliteserielaga går ut så tidleg i cupen, mot lag så langt nede i divisjonssystemet?

– Det kan det vere. Samstundes kan ein stille spørsmål ved om 2. og 3. divisjonslaga er blitt betre, seier Scheie.

Grane vart den førse cupvinnaren i 1902, medan Aalesunds for andre gong på tre år henta heim «bøtta» etter å ha slått Brann 2–1 i fjor. Med 12 triumfar er Odd Grenland klubben med flest meisterskap sidan 1902. I alt har 26 ulike klubbar vunne cupfinalen.

Sandnes Ulf supportere - STILNA: Sandnes Ulf-supporterane måtte sjå laget sitt tape 1–2 for heimelaget Staal Jørpeland.NRK

STILNA: Sandnes Ulf-supporterane måtte sjå laget sitt tape 1–2 for heimelaget Staal Jørpeland.

Foto: NRK
NRK setter pris på at mange bidrar med meninger, erfaringer og synspunkter i kommentarfeltet. Takk for at du begrunner dine meninger og avstår fra personangrep. Innlegg som ikke følger våre regler for deltakelse kan bli slettet.
Created by InfoDispatcher
Created by InfoDispatcher

Hadde synfaring av ulykkesbussane i Fardalulykka

Påsken er for mange starten på årets båtsesong. Vi vart med då ein Sea King frå 330 Skvardron trente på sjøredning saman med redningsskøyta Halvdan Grieg.

Opphavsrett NRK © 2014

Ansvarlig redaktør: Thor Gjermund Eriksen

Nettsjef: Frank Gander (konst.)