Hopp til innhold

Solheim fekk Kringkastingsprisen

Kringkastingsringen delte i dag ut Kringkastingsprisen til politisk journalist i NRK Ingunn Solheim.

Ingunn Solheim

PRISVINNAR: Ingunn Solheim er opphavleg frå Førde, men jobbar som politisk journalist for NRK i Oslo.

Foto: Kringkastingsringen

Ingunn Solheim er fødd i 1980 og kjem opphavleg frå Førde. Ho har arbeidd fire år som politisk journalist i NRK og har også erfaring frå mellom anna TV2 Nyhetskanalen, Kanal 24 og Dagens Næringsliv.

– Det var utruleg kjekt å få høyre at eg har eit klart og forståeleg språk. Det er det eg i min jobb skal bruke språket til. Det har aldri vore noko alternativ til det å bruke nynorsk for meg, sa prisvinnaren under overrekkinga.

– Lett å forstå

Juryen, som er styret i Kringkastingsringen, framheva sunnfjordingen som ein god representant for nynorsk i fjernsynet.

Ingunn Solheim

GRAFIKK: Prisen Solheim fekk er eit grafisk blad av Per Kleiva.

Foto: Kringkastingsringen

Solheim har mellom anna vore nyhendeopplesar på Dagsrevyen og brukte også nynorsk då ho var tilsett i TV2 Nyhetskanalen og i Kanal 24.

– Ho brukar ein normalisert nynorsk og har ein klår uttrykksmåte som gjer henne lett å forstå for alle. I haust har ho særleg utmerkt seg i NRK 1 sine valsendingar. Solheim er alltid vel førebudd. Ho stiller klåre spørsmål og er ikkje redd for å gå tett på dei ho intervjuar. Ho tar også med seg nynorsken på Twitter, der følgjarane får jamlege oppdateringar frå arbeidet med valdekkinga i NRK, skriv juryen og framhevar Solheim ein dyktig journalist med solid fagkompetanse.

Takka NRK

Kringkastingsprisen blir kvart år delt ut til ei røyst i eteren som utmerkjer seg med godt språk i radio eller fjernsyn og som på ein framifrå måte bruker nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet.

Prisen er eit vakkert grafisk blad av kunstnaren Per Kleiva.

– Eg trur språket heile tida må utvikle seg for å bli likt, forstått og brukt. Eg sender ein stor takk til NRK der det både blir sett stor pris på nynorsken og blir gjort eit målretta arbeid for å fram språket. Der er vi som nynorskbrukarar privilegerte, sa Solheim.