Hopp til innhold

Sogndal knuste til på bortebane

Sogndal har berre hatt ein siger på dei siste sju kampane. På dei sju kampane før det innkasserte dei sju sigrar. I kveld møtte sognelaget Bærum på bortebane, og det enda med eit svært gledeleg resultat for Sogndal.

Sogndal jublar for scoring

MØTER BÆRUM: Blir det slik jubel mot Bærum i dag? Her frå førre kamp, som enda uavgjort mot Brann, der Sogndal jublar for scoring.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Laster innhold, vennligst vent..

– Ting har ikkje heilt gått vår veg, men vi må berre fortsette å jobbe beinhard framover, så skal vi fortsette å vinne mange kampar, sa Sogndal-kaptein Rune Bolseth etter nok ein uavgjort kamp måndag.

Resultatet mot Brann vart eitt av fleire i ei dårleg rekkje samanlikna med kampane på våren. For i løpet av dei siste sju seriekampane har fem av dei enda med uavgjort for Sogndal, og i tillegg har dei gått på eitt tap. Dette etter ein periode med sju strake sigrar.

Søndag kveld møter dei Bærum på bortebane, eit lag som har hatt ein endå dårlegare statistikk enn Sogndal. På dei siste ni kampane i serien har dei sju tap og to uavgjorte oppgjer.

– Sogndal er sterkare fysisk

Sogndal-ekspert Jon Navarsete trur sjansane til bortelaget er gode – i alle fall for å ta poeng.

– Trenden har jo vore variable tilstandar på laget. No er jo Sarr og Strand ute og slike ting kan lett føre til litt uro i mannskapet, men normalt tek Sogndal poeng mot Bærum. Ein kan ikkje ta lett på noko i denne divisjonen, det er små marginar, men eg vel å tru at reint fysisk så står Sogndal mykje sterkare, seier han.

Bærum er, ifølgje Navarsete, eit fintspelande lag. Han trur spelestilen deira passar godt til eit normalt aggressivt Sogndal.

– Dei spelar ein fotball som er litt typisk Oslo-spel, om du spør meg, med litt korte pasningar og dei vil gjerne spele seg ut. Resultatet er avhengig av at Sogndal er med på notane. Det har vore litt søvndyssande forsvarsjobbing og litt dårleg press på delar av bana, så alle må vere på.

Vil sjå eit meir offensivt Sogndal

Kvifor det har vore få sigrar dei siste kampane for Sogndal, tykkjer han er vanskeleg å svare på. Navarsete meiner laget har ein god stall, og har lite kritikk å kome med.

– Det ein kan setje fingeren på er at ein begynner å bli litt forsiktige og tenker meir på å forsvare posisjonen enn å angripe. Som med Brann heime sist, og i andre kampar, har eg sett at dei er litt reserverte. Bekkane kjem ikkje så mykje fram som dei bør. Kanskje har det litt med tabellsituasjonen å gjere, at ein skal forsvare topposisjonen meir enn at ein skal angripe og late det stå til, seier han.