Hopp til innhold

Snappa seriemeisterskapen frå erkerivalen

BERGEN (NRK): Førde volleyballklubb treng ikkje noko tredje kamp for å avgjere seriegullet. Erkerival Nyborg makta ikkje stogge sunnfjordingane.

Førde VBK er norsk seriemeister for tredje gang.

SJÅ VIDEO: Slik sikra Førde seriemeisterskapen i volleyball. (FOTO: EIVIND PETTERSEN/NRK)

Førde tok første stikk med 3–1 på heimebane førre helg. I dag sikra dei «The double» med 3–0 borte i sluttspelfinalen mot Nyborg.

– Historisk sett er det vel litt overraskande, men i dag var vi best sjølv om det var jamne sett. Eg var ikkje veldig nervøs utover kampen, gliser Førde-trenar Jan Egil Tvinde.

– Viser potensialet

Mathias Loftesnes

TROFEET: Mathias Loftesnes hevar trofeet.

Foto: Frode Andersen

Førde sin tredje seriemeisterskap kom på kostnad av erkerivalen frå Bergen. Nyborg vart tidlegare i år nordiske meistrar og gjekk inn i sluttspelet som vinnar av grunnspelet. Førde vann på si side cupen i januar.

Oppgjeret er det siste mellom Førde og Nyborg. Til neste år heiter bergensklubben Viking.

– Det er heilt fantastisk. Vi har spelt utruleg bra dei siste kampane. Sist helg mot Nyborg og i dag er vi heilt fantastiske og viser potensialet som bur i dette laget, seier Mathias Loftesnes.

Førde volleyballklubb

SERIEMEISTRAR: For andre gang i år tek Førde VBK lagbilete med eit trofe.

Foto: Frode Andersen

– Førde er best

Nyborg-libero Yngve Sunnfjord kunne ikkje gjere anna enn å skryte over Førde.

– Førde gjer ein god kamp og spelar betre enn oss i dei avgjerande augneblinkar. Det er mykje som manglar frå vår side, resignerer han.

– De vart nordiske meistrar, medan Førde vann cupen og serien i Norge. Kven er best?

– Eg har lyst å seie oss, for det føler eg er sant når begge lag fungerer optimalt. Men denne sesongen har Førde vore det beste laget.

– Vi var veggen

Førde leia seriefinalen frå ende til annan. Kampens mest verdifulle spelar vart Vasile Afloarei med 14 poeng.

Vasile Afloarei

VERDIFULL: Vasile Afloarei sytte for 14 av Førde sine poeng mot Nyborg.

Foto: Frode Andersen

Berre ein gong dei siste ti åra har Førde jubla for seriesiger i Nyborg si leikegrind.

– Eg føler vi har bra kunnskap om korleis Nyborg spelar. Vi har aldri blokka så bra mot dei som i dag. Det vart heilt motsett av kampen i februar der dei gav oss juling i Førdehuset. I dag var vi veggen, og Nyborg som sleit med å bryte igjennom, seier Tvinde.

Lærerik reise

For Førde har årets sesong vore ein stor opptur. I fjor vart det sjetteplass i serien og ein sesong utan sluttspel. Tvinde meiner det unge mannskapet har hatt ei tøff, men lærerik reise mot cuptrofeet. Samt at dei også har utvikla spelet mykje.

Førde VBK er seriemeistrar

SERIEMEISTRAR: Det er ikkje ofte at Førde har hatt noko å juble for på heimebane til Nyborg. I dag kunne dei heve trofeet som seriemeistrar.

Foto: Frode Andersen

Tvinde føler spelarane har brote ein barriere denne sesongen, med sigrar i alle dei viktige kampane mot Nyborg. Som i kvartfinalen i cupen.

– Eg føler den eventuelle Nyborg-respekten er graven ganske bra ned. Vi klarer å kle av styrken til Nyborg og lar dei kjenne på korleis det er å bli sett under press. Det har dei ikkje opplevd så ofte. Utfordringa er å klare det over tid, seier Tvinde.