Hopp til innhold

Feira Strynefjellet med kakekutting og jubel

Regjeringa set av 700 millionar kroner til opprusting av Strynefjellet i Nasjonal transportplan. Det kan bety byggestart i 2018, noko som gler stryningane stort.

Created by InfoDispatcher

KAKEJUBEL: Ordførar Sven Flo og lastebileigar Rolf Olav Tenden var to av dei som gledde seg stort i dag. Foto: Asgeir Reksnes/redigering:Tone Merete Lillesvangstu

Regjeringa seier ikkje kva slags tunnelløysingar som blir valde, men likevel jublar lastebileigar Rolf Olav Tenden under kakefest på rådhuset i dag.

– Summen er veldig gledeleg. Det vi er mest spent på no er løysinga. Kva type trasear vel dei? Vert det nye tunnelar eller skal dei rehabilitere? Vi må jobbe veldig, veldig hardt for nye tunnelar, seier lastebileigar Rolf Olav Tenden til NRK.no.

Han legg ikkje skjul på at dette er ein gledas dag.

– Eg har tidlegare sagt at dette er 17. mai og julekvelden for oss som driv transport, seier Tenden.

Trur dette aukar frekvensen

Å få god veg over Strynefjellet er svært viktig for denne næringa.

– Strynefjellet har vore viktig for å utvikle Nordfjord. Viss vi no kan sikre det ytterlegare med sikrare transport og ikkje rasstengde vegar, så vil dette berre auke frekvensen vår på Oslo og vegen austover, seier Tenden.

Også Høgreordførar Sven Flo i Stryn er klar på at dagens NTP er viktig for heile Nordfjordregionen.

– Det er fantastisk gledeleg. Og vi er spente på kva løysingar det blir, men det er utruleg at det no er kome på plass midlar. Dette har vi jobba mykje og hardt for i den perioden det har lege ute og vi har hatt moglegheit til å påverke, seier Flo.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jubel og glede

HURRA: Sven Flo med kaka som fekk bein å gå på.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Har vore lagt ned beinhard jobbing

Han legg til at det kanskje dessverre har drukna litt i debatten kring E39.

– Men det har vore jobba beinhardt både i Stryn og nabokommunane både på Søre Sunnmøre og Opplandssida for å finne gode løysingar og for å få fram bodskapen. Det har tydelegvis nådd gjennom, så dette er fantastisk, seier Flo.

Stryningane tek utsetjinga av traséval av E39 med fatning, men vil ha rask avgjerd.
I dag sa regjeringa at avgjerda som var varsla likevel ikkje kjem før seinare i vår.

– Vi tykkjer dei skal ta den tida dei treng og finne fram til det rette valet, få fram alle detaljar dei har behov for. Vi er trygge i vår sak på kva som er det beste alternativet så vi reknar med at dei høyrer på oss, seier Svein Sunde i veglobbyselskapet Gode Vegar.

– Kor viktig er det at ein får ei avgjerd?

– Det skal planleggjast dette her, og vi veit kor lang tid planlegging tek. Det blir spennande å sjå kva dei seier om planleggingstida, seier Sunde.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Ingen ny tunell før 2019

Ingen ny tunell før 2019

– Er berre éi rett avgjerd

At regjeringa ikkje har teke ei avgjerd tek Stryn-ordførar Sven Flo med stor ro.

– Det optimale i alle slike samanhengar vil vere at ein tek ei avgjerd når ein signaliserer at den skal komme. Men eg er oppteken av at ein no får ei grundig vurdering slik at ein er sikker på at den avgjerda ein tek no er rett, seier Flo.

Han legg til at det oppi hovudet hans berre er ei rett avgjerd.

– Det er å få lagt E39 på indre, og eg har stor tru på at det også er det som vert resultatet. Det er greitt nok at dei brukar litt meir tid, men sett utifrå den opprivande perioden vi har hatt bak oss dei siste to og eit halvt åra, så hadde det vore greitt med ei avgjerd, seier Flo.

Heng i hop med fleire ting

Men han peikar på at resultatet truleg vert betre når ein får ei nøye vurdering.

Det har vorte sagt at vegbygginga i Nordfjord kan stoppe opp dersom ein ikkje får ei avklaring av kva veg som skal ha kva slags status. Det kan igjen får betydning for Olden-Innvik og Utvikfjellet.

– Bør regjeringa ta ei avgjerd før valet?

– Alt heng i hop med alt her, og det er klart at å skyve altfor lenge på ei avgjerd vil vere negativt til alle dei andre planane ein har rundt. No er det signalisert at det vert teke stilling til dette før våren, og då er det vel også gitt at dette kjem før valet, seier Flo.