Hopp til innhold

Ras stengjer vegen - arbeidsgjevar sette opp båt for å få dei på jobb

Fylkesveg 50 mellom Aurland og Vassbygdi er stengd av ras. Men slikt stoppar ikkje dei tilsette ved E-CO i Vassbygdi.

Tok båt

IKKJE RÅDLAUSE: Dei tilsette i E-CO Energi let seg ikkje stoppe av eit ras.

Foto: Arne Veum / NRK

– I dag blir det heimekontor på flesteparten i administrasjonen. Me har rigga oss med båt for å få opp fagarbeidarar, slik at vi klarar å halde hjula i sving. I tillegg har vi heile sentralbordet for E-CO Energi her i Aurland, både for hovudkontoret i Oslo og på Gol, så me håpar å få det opp og gå ganske snart, seier kraftverksjef ved E-CO Energi, Knut Helge Kjærvik.

Fylkesveg 50 vart seint måndag kveld stengd, etter at eit steinras like før tunnelmunninga på Vassbygditunnelen, kom dundrande ned.

Det skal ikkje vere snakk om dei aller største steinane, men dei ligg spreidde over eit stort område.

SISTE: Helikopteret med geologen landa i Aurland like før klokka 09. Truleg vil geologen sjå på rasstaden så raskt som råd.

Éin tilsett fekk ein blaut start på dagen

Då Kjærvik fekk melding om raset, skjønte han fort at det ville bli aktuelt med ei alternativ «jobb-rute».

– Båten går frå utosen på Vassbygdvatnet og opp til Vassbygdi, seier Kjærvik.

No er det ikkje akkurat nokon ferjekai eller liknande, så litt provisorisk er det heile. Det har allereie fått konsekvensar.

– Eg har hatt ein telefon frå ei som har vorte litt blaut på ombordstiginga i dag. Eg veit ikkje om ho ramla uti, men ho vart iallfall litt blaut, og måtte få tak i nye klede, før ho vart med på neste tur, seier Kjærvik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rasstaden

RASSTADEN: Raset har gått like før tunnelmunninga av Vassbygdtunnelen.

Foto: Arne Veum / NRK

Vil aldri bli heilt trygt

– Me tek sjølvsagt berre opp det som er naudsynt for å halde drifta i gang, seier Kjærvik.

Han håpar å få opp mellom 20 og 30 personar i løpet av morgontimane..

– Det blir nokre turar, seier Kjærvik.

Bedrifta har om lag 50 tilsette, 45 av dei pendlar den rasfarlege vegstrekninga to gonger dagleg. Dét uroar Kjærvik meir enn at dei må improvisere med båt.

– Dei som køyrer denne vegen, ser jo at det er mykje stein som heng oppi der. Det vil vel aldri bli trygt å køyre den vegen, det vil eg påstå. Det kjem steinnedfall nesten dagleg, seier Kjærvik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Stengd veg

IKKJE OPE: Skal du køyre fylkesveg 50 frå Aurland til Vassbygdi, vert du stoppa her.

Foto: Arne Veum / NRK

Mange tilsette har vore borti ras

– Me har hatt tilsette som har vore borti ras, og som har vore nær ras. Eg var sjølv ganske nær i vår, seier Kjærvik.

Det er gjort ein del rasførebyggjande tiltak, og E-CO har også bidrege til dette. Men Kjærvik trur det er utopisk å skulle klare å rassikre heile strekninga.

– Dei store steinane som kjem høgt oppe ifrå med så mykje energi, det er det vanskeleg å stoppe med vanleg rassikringsnetting, seier Kjærvik.

Han er likevel ikkje redd når han køyrer strekninga.

– Det kan ein ikkje. Det er mange her i fylket som køyrer vegar som er farlege, og det blir me også jamleg minna på, seier Kjærvik.

Skaffar seg eigen beredskapsbåt

Bedrifta er i ferd med å få på plass ein beredskapsbåt, nettopp fordi dei har innsett kor sårbare dei er når vegen er stengd.

– Etter Dagmar så har me sett at me må rigge oss med ein beredskapsbåt. Det blir spådd at det blir meir ekstremvêr, og me må komme oss opp til anlegget. Det å ha ein litt større båt, som er tryggare, er viktig, seier Kjærvik.

Han peikar på at turen i dag nok var meir som ein fin båttur i vakkert haustvêr å rekne.

– Det er verre dei gongene det har vore skikkeleg dårleg regnvêr, og det buldrar rundt alle stadar, seier Kjærvik.

(Artikkelen held fram under bilete)

Susar over vatnet

FIN FART: Med båt går det ikkje mange minuttane over vatnet. I bakgrunnen ser ein rasstaden ved Vassbygdtunnelen.

Foto: Arne Veum / NRK

Får ikkje store konsekvensar

Arbeidet med å få båten på plass er i gang, og fartøyet er allereie budsjettert.

Han understrekar at sjølv om folk kjem litt seinare på jobb, får det ikkje store konsekvensar for kraftverket.

– Me har maskiner som er fjernstyrte, så så lenge dei går, så får det ikkje så store konsekvensar for oss. Men vedlikehaldsarbeidet stoppar sjølvsagt opp. Problema startar så snart det oppstår ein feil, og me må ha folk opp for å få i gang att maskinene, seier Kjærvik.

Ras ved Vassbygdtunnelen i Aurland

RAS: Raset gjekk her ved Vassbygdtunnelen i Aurland.