Hopp til innhold

Dieseltank eksploderte og flammane stod 30 meter til værs

Aurland brannvesen hadde nok å hengje fingrane i då ein tank med 2500 liter diesel eksploderte etter at eit aggregat utanfor Vassbygdtunnelen ved fv. 50 i Aurland tok fyr.

– Det var aldri fare for folk, for vi tok forholdsreglar. Vi visste om dieseltanken og var obs på at han kunne gå i lufta, seier brannsjef i Aurland, Arvid Gilje.

Vegmeldingssentralen hjå Statens vegvesen fekk melding om brannen om lag ti minuttar på ti laurdag morgon.

Det var på då det reine at det hadde teke fyr i eit dieselaggregat som er plassert på gamlevegen, ved tunnelmunningen til Vassbygdtunnelen. Denne vegen vert sommarstid brukt som gang- og sykkelveg.

For å skaffe lys

Aggregatet kom på plass for ei tid tilbake fordi eit ras for om lag eitt år sidan, øydela kabelen som fører straum til tunnelen.

Aggregatet skulle vere ei mellombels løysing for å sikre straum til lys i den vel ein kilometer lange tunnelen, samt straum til naudutstyr.

Kva som har ført til brannen er for tidleg å seie, men at det brann godt, gjorde det.

– Flammane stod bra opp då vi kom på staden, men verkeleg fart vart det då tanken eksploderte. Då var det eit flammehav ei stund, fortel brannsjef Gilje.

Fekk berget til å sprekke

– Rett over staden der aggregatet og tanken stod, var det eit overheng. Vi var heile tida obs på dette, då berg tåler dårleg å først bli oppvarma, og så avkjølt, seier Gilje.

Og det var klokt, for berget slo til slutt sprekkar, og ei diger blokk deisa i bakken.

– Akkurat no ser det ille ut i bergsida, det er svartsvidd ein 70–80 meter oppover, seier Gilje.

Har bestilt geolog

Vegvesenet har bestilt geolog som skal sjå på fjellet.

– Det kan vel hende at det bør reinskast der, men dette får geologen vurdere, seier Gilje.

Seksjonsleiar hjå Statens vegvesen, Eivind Yttri, seier det vil bli sett inn nytt aggregat like over helga.

– I løpet av laurdagen vert det sett opp skilt om at det manglar lys i Vassbygdtunnelen, men i løpet av få dagar skal vi ha fått aggregat og lys på plass att, seier Yttri.

Han presiserer at dette framleis er ei førebels løysing. Den opphavlege kabelen, som vart øydelagd av ras for eitt år sidan, skal på plass att.

Vassbygdtunnelen var stengd vel eit kvarter medan sløkkinga pågjekk. Trafikken går no som normalt.