Hopp til innhold

Rasstengd veg opna att

Fylkesveg 50 mellom Hol og Aurland opna like før klokka 12 i dag.

Steinras i Aurland.

OPNA ATT: Slik såg det ut etter steinraset fredag ettermiddag. Måndag vil det bli gjort nye forsøk på å fjerne den største steinblokka, til høgre i biletet.

Foto: Arne Veum/Aurlendingen

Vegen har vore stengd sidan 16-tida fredag då store steinmassar dundra ned i vegbana kring 100 meter aust for Vassbygdtunnelen.

Ein geolog var i morgontimane oppe i helikopter. Etter å ha synfart fjellsida gav geologen klarsignal til å starte ryddearbeidet. Ryddearbeidet tok eit par timar.

Steinane gjorde store skader på vegbane og autovern. Vaktoperatøren ved Vegmeldingssentralen i Lærdal opplyser at vegen er mellombels opna.

- Det er nedsett fart og smal vegbane. Den største steinen fekk ein ikkje fjerna. Den må ein prøve å ta att på måndag, seier han.