Hopp til innhold

Ny meiningsmåling: I år kan det bli Jenny som gliser breiast

Senterpartiet går forbi Arbeidarpartiet i ei fersk meiningsmåling utført for NRK og Bergens Tidende. Dermed kan det vere duka for eit skifte i fylkesordførarstolen.

Jenny Følling

STØRST: Jenny Følling gler seg stort over at Senterpartiet er største parti i Sogn og Fjordane i ei fersk meiningsmåling.

Foto: Alf Vidar Snæland

Vallogo

Dei to partia har framleis reint fleirtal ifølgje målinga, men med Sp som største parti kan det bli Jenny Følling som tek over fylkesordførarvervet etter Åshild Kjelsnes frå Ap.

Meiningsmålinga gir Følling meir energi i valkampinnspurten.

– Eg synest det er veldig kjekt og det gir inspirasjon til å stå på vidare, for vi har veldig mykje å kjempe for i fylket vårt.

Partibarometer for fylkestingval 2015

Parti

Fylkestingsval 2011

Stortingsval 2013

Respons 29.10.14

Respons 10.04.15

Respons 08.09.15

Målinga er utført av Respons Analyse på oppdrag for NRK Sogn og Fjordane og Bergens Tidende. 600 personar i eit representativt utval over 18 år vart spurde.

Raudt

1,6

0,6

1,1

1,0

1,3

SV

4,3

3,4

3,4

3,4

5,1

Ap

27,0

28,1

37,6

32,9

24,9

Sp

25,7

20,6

22,5

27,0

27,7

Venstre

7,4

6,4

6,6

8,2

6,9

KrF

6,6

8,1

7,0

6,8

6,8

Høgre

16,9

19,0

14,0

13,5

14,2

Frp

7,6

10,8

4,8

4,6

7,8

MDG

0,6

1,7

1,4

1,6

3,7

Andre

2,3

1,3

1,6

1,0

1,7*

* Gruppa Andre består denne gongen berre av Dei Kristne med 1,7 %

Ekspander/minimer faktaboks

Må jobbe hardt i innspurten

Medan Senterpartiet fekk 25,7 prosent og var nest største parti ved fylkestingsvalet for fire år sidan, er partiet no størst med 27,7 prosent i den ferske målinga.

Arbeidarpartiet går tilbake frå 27 prosent til knappe 25 prosent. Dette vil gje Senterpartiet ni mandat på fylkestinget, medan Arbeidarpartiet vil få åtte.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes har ikkje noko god forklaring på at Arbeidarpartiet har gått tilbake.

– Eg kjem til å arbeide hardt dei neste dagane med å synleggjere våre saker, og det kjem alle våre medarbeidarar til å gjere. Så må vi oppmode alle veljarane som sympatiserer med oss om å gå til stemmeurnene viss dei framleis vil ha Arbeidarpartiet i styringa.

Åshild Kjelsnes og Jenny Følling

BLIDE DAMER: Åshild Kjelsnes (t.v.) og Jenny Følling kunne begge glise breitt under valvaken for fire år sidan. Om meiningsmålinga blir valresultatet vil det vere Følling som kan glise breiast på valvaken i år.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Avviser at valkampen har vore mislykka

– Om denne målinga blir valresultatet, så er vel ikkje du fylkesordførar lenger, eller korleis ser du på det?

– Eg er veldig klar og motivert til å ta mi andre vakt for dette flotte fylket. Men det er veljarane som har det avgjerande ordet.

I høve meiningsmålingar frå i fjor og april i år har Arbeidarpartiet gått sterkt tilbake. Kjelsnes avviser at valkampen har vore mislykka.

– Nei, valkampen er ein prosess.

Trur på valsiger

Miljøpartiet De Grønne får i meiningsmålinga 3,7 prosent, noko som ville gitt eitt mandat i fylkestinget. For fire år sidan fekk MDG berre 0,6 prosent.

Høgre går tilbake frå knappe 17 prosent til 14,2 prosent. For dei andre partia er det svært små endringar i høve fylkestingsvalet for fire år sidan.

Jenny Følling har tru på valsiger og at ho sjølv kjem til å entre fylkesordførarkontoret.

– Vi skal stå på for fylket sine interesser, lovar ho.

– Kvifor vil du vere ein betre fylkesordførar enn Åshild Kjelsnes?

– Eg tenkjer eg vil vere ei klar og tydeleg røyst og ein synleg frontfigur for Sogn og Fjordane.

– Heilt ope

Åshild Kjelsnes i Ap meiner det er heilt ope kven som blir størst av Ap og Sp.

– Dette viser at det er tett løp på oppløpssida, og dette motiverer meg til å stå på denne siste veka.

– Kvifor vil du vere ein betre fylkesordførar enn Jenny Følling?

– Eg høyrer til landets største parti og har gode kontaktar som eg har opparbeid meg dei siste fire åra.

Fylkestingsmandat

Parti

Fylkestingsvalet 2011

Respons 29.10.14

Respons 10.04.15

Respons 08.09.15

2015 har talet på mandat til Fylkestinget i Sogn og Fjordane blitt redusert fra 39 til 31 mandat. Høgre har i denne målinga siste mandatet, medan Frp er nærest til å ta det.

Raudt

0

0

0

0

SV

2

1

1

2

Ap

11

15

11

8

Sp

10

9

9

9

Venstre

3

3

3

2

KrF

3

3

2

2

Høgre

7

6

4

5

Frp

3

2

1

2

MDG

0

0

0

1

Andre

0

0

0

0

Totalt

39

39

31

31

Ekspander/minimer faktaboks