Hopp til innhold

Meiner Årdal er ein inspirasjon for resten av Arbeidarpartiet

Partisekretær i Ap, Kjersti Stenseng, fryktar ikkje at partiet skal miste posisjonen det har hatt i fleire tiår i industrikommunen Årdal.

Kjersti Stenseng med mikrofon foran ansiktet. Blå bakgrunn

AMBISJON: Partisekretær Kjersti Stenseng har ein ambisjon om at Årdal held fram posisjonen sin som sosialdemokratisk bastion.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

– Årdal er ein sosialdemokratisk bastion og eit godt bilete på eit godt, sterkt industrisamfunn med gode kommunale tenester og ein stad der det er godt å bu, seier Stenseng.

Men lokalvalet i Arbeidarparti-bastionen Årdal kan bli meir spennande enn på mange tiår.

I dei siste vala har Ap fått over 70 prosent av stemmene, men fleire betente saker har gjort det mektige partiet upopulært i delar av kommunen.

Opposisjonspartia augnar ein historisk sjanse til å forhindra reint Arbeidarparti-fleirtal.

– Eg har både eit ønskje og ein ambisjon om at Årdal skal halde fram som ein av våre sterkaste bastionar, seier Stenseng.

Er eit sterkt symbol

Ho legg til at Arbeidarpartiet i Årdal er med på å inspirere lokallag andre stadar i landet, seier ho.

– Det er inspirerande fordi eg veit at folk i Årdal er like folk elles i landet, med ønskje om å ha gode liv, trygge arbeidsplassar og trygge arbeidsplassar. Så det er heilt klart til inspirasjon for jobben vi gjer i både store og små kommunar, seier Stenseng.

Ho meiner Årdal framleis er eit sterkt symbol for den sosialdemokratiske velferdsstaten, samtidig som det er eit samfunn som har evna å omstille seg.

– Men kommunen har også fått nokre riper i lakken, og hamna mellom anna på Robek-lista. Kva gjer det med Årdal som utstillingsvindauge for Ap?

– På same måte som ein del andre kommunar må Årdal også ta nokre grep for å klare omstillinga. Eg oppfattar at ein skal halde fast på gode velferdstenester i kommunen. Vi er i ei tid no der ein må ta ein del grep for å halde på desse, seier Stenseng.

Må styrke kommune-økonomien

Ho peikar på at mange kommunar slit med skatte- og inntektsnedgang.

– Svaret er å styrke økonomien til kommunane, ikkje skattekutt og skattelette, seier Stenseng.

– Kva vil de gjere for å vinne tilbake Ap-veljarane?

– Det viktigaste vi kan gjere er å bidra til at Årdal har moglegheit til å setje inn tiltak for å omstille arbeidslivet, skape nye arbeidsplassar og ha ein trygg og stabil kommuneøkonomi, seier Stenseng.