Samstundes som veljarane går til urnene for å gje si stemme i kommune- og fylkestingsvalet, kan medlemmar av den norske kyrkja velje sine medlemmar til bispedømmerådet.
Dei innvalde er også representantar til Kyrkjemøtet: Den norske kyrkja sitt «storting». På kyrkjemøtet i fjor sa 64 representantar nei til vigsel av homofile, medan 51 sa ja.
Konservative Sogn og Fjordane
Bispedømerådet i Bjørgvin har 10 medlemmar. 7 er folkevalde, og det er 19 kandidatar til desse seta. På lista over kandidatane, går det fram kva dei meiner om vigsel av homofile.
- 10 kandidatar er mot, 5 er for og 4 seier «veit ikkje».
- Blant topp-4 på lista er 2 for og 2 mot.
Sogn og Fjordane:
- 4 av 6 kandidatar mot vigsel av homofile: Noverande leiar i Bjørgvin Bispedømeråd og toppkandidat i år, Inger Helene T. Nordeide frå Førde; Per Hilleren frå Sogndal; Bjørn Sandvik Sølsnes frå Leikanger og Jostein Bildøy frå Førde.
- 1 kandidat er for: Vemund Atle Øiestad frå Blakset.
- 1 kandidat seier «veit ikkje»: Gunn Ragnhild Vårdal Helgesen frå Selje.
Hordaland:
- 4 av 13 kandidatar er for, blant dei Nora Sætre Baartvedt frå Voss og Karl Johan Kirkebø frå Straumsgrend, som står på høvesvis 2. og 3.-plass på lista til nominasjonskomiteen. Dei to andre er Liv Rønningen Ågotnes frå Ågotnes og Ida Lindøe frå Ålvik.
- 6 av 13 kandidatar er mot: Andreas Skeidsvoll frå Lonevåg; Berit Nøst Dale frå Frekhaug; Marius Økland frå Rubbestadneset; Inge Wilhelm Økland frå Bergen; Hildegunn Kalvenes frå Storebø og Egil Morland frå Kolltveit.
- 3 kandidatar seier «veit ikkje»: Kjellfrid Torunn Mæland frå Stord; Kjell Jarle Aadland frå Os og Marte Malterud Seip frå Eidfjord.
Splitta kyrkje – stor valdeltaking?
Gjennomgangen ovanfor syner at kandidatane i Sogn og Fjordane er langt meir konservative enn sine medkandidatar i Hordaland. Det er også tilfelle når det gjeld prostane i Sogn og Fjordane, som alle tre seier nei.
Blant dei religiøse overhovuda på landsbasis er kyrkja delt. Seks biskopar i landet er for, seks er mot. Delinga på midten var eit faktum då Tunsberg-biskop Per Arne Dahl nyleg tok eit offentleg standpunkt.
Nye valreglar skal gje veljarane meir makt: Mellom anna kan ein no fremje alternative lister til bispedømerådsvalet. Og organisasjonen Åpen Folkekirke, som kjempar for at homofile skal få gifte seg i kyrkja, stiller liste i 9 av 11 bispedøme i valet i haust. Dei stiller ikkje i Bjørgvin.
Ved førre kyrkjeval var deltakinga 13 prosent. Fleire meiner homoekteskap kan føre til langt høgare valdeltaking i år, seinast valforskar og førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger, Svein Erik Tuastad.
– Eg vil tru homofilisaka kan verke mobiliserande i forkant av valet. Når det er mykje for og mot, blir folk tente, og dei ser derfor poenget med å nytte si stemme. Det tenkjer nok at kvar stemme kan telje, og at dei kan vere med på å gjere ein forskjell i samfunnet, sa Tuastad til NTB i går.