Hopp til innhold

Kan du sjå alle fotgjengarane på filmen?

I haustmørke og duskregn var ikkje desse fotgjengarane utan refleks lette å få auge på torsdag morgon. No ønskjer 8 av ti bilistar at refleks vert påbode. Eit slikt påbod vil spare samfunnet for milliardsummar.

From InfoDispatcher.SingleFileImporter

– Eit slikt påbod ville spart oss for milliardsummar. Trafikkulykkene blir stipulert til 25 milliardar kroner for 2011, og fotgjengarulykkene er ein monaleg del av dette.

Så eg vil tru vi vil spare meir enn ein milliard på eit slikt påbod, seier distriktsleiar i Sogn og Fjordane Trygg Trafikk, Audun Heggestad.

Finland innførte reflekspåbod allereie i 2003, og sidan då har bruken av den livsviktige brikka auka. Det har gitt resultat.

– Ein såg der at talet på ulykker der fotgjengarar var involverte, gjekk ned. Det hadde svært positive verknader, seier Heggestad.

  • LES OGSÅ:

Trur eit påbod kan vere nært

Han ønskjer eit påbod velkommen, og har tru på at det kan få fleire til å bruke refleks.

– Vi ønskjer også eit strengt regime, og då kan dette vere vegen å gå, seier Heggestad.

95 prosent av alle som vert påkøyrde i mørket manglar refleks.

– Det er veldig store tal. Så det syner kor viktig dette er, seier Heggestad.

Han har tru på at eit slikt påbod ikkje treng å vere så langt unna.

– Vi kjem til å jobbe for å få det inn i nasjonal transportplan, samt å få inn hjelmpåbod på sykkel, seier Heggestad.

Vi kjem til å jobbe for å få det inn i nasjonal transportplan, samt å få inn hjelmpåbod på sykkel, seier Heggestad.

Audun Heggestad i Trygg Trafikk

– Vi har god bakgrunnsinformasjon for å få denne påstanden inn. Det er ingenting i vegen for at Norge kan innføre eit slikt påbod, seier Heggestad.

Ei livsviktig brikke

– Refleksen er livsviktig. Brukar du refleks er du 82 prosent sikrare enn om du ikkje nyttar det. Det er billeg livsforsikring og noko alle bør bruke, seier Heggestad.

November er den farlegaste månaden i året for dei som ferdast til fots og på sykkel i trafikken.

Våt asfalt og mørke klede er nokon av faktorane som gjer det ekstra vanskeleg for bilistar å oppdage fotgjengarar.

For to veker sidan vart ein 20-åring påkøyrd i eit gangfelt i Florø. Ho slapp frå ulykka med to brot i foten, men det kunne fort ha gått mykje verre.

Etter ulykka fortalde kvinna at ho korkje brukte refleks eller såg seg nøye for då ho kryssa vegen, ein lærdom som vart dyrekjøpt.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video nsps_upload_2009_11_25_10_39_50_1179.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Refleks demonstrasjon

Berre halvparten brukar refleks

Ferske tal frå Trygg Trafikk syner at berre halvparten av dei vaksne fotgjengarane i Sogn og Fjordane nyttar refleks når dei er ute og går på kveldstid. På landssnitt er talet berre 28 prosent.

Tala syner at folk i by jamt over er dårlegare til å nytte refleks enn folk på landet, noko som underbyggjer tala frå Sogn og Fjordane.

– Vi har jamt over meir landeveg og lite gatelys, men likevel er det mange som ikkje brukar det, og det er for mange, for mange, seier Heggestad.

Audun Heggestad

LIVSVIKTIG: Distriktsleiar i Sogn og Fjordane Trygg Trafikk, Audun Heggestad, er klar på at refleksbruk kan vere skilnaden mellom liv og død.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

I perioden 2006 til 2010 omkom 136 fotgjengarar i trafikken. Heggestad trur det er mykje slurv som ligg til grunn for at folk let vere å nytte refleks.

Han påpeikar at mange også trur dei blir sett når dei går på stader der det er gatelys.

– Det gir nok mange ein falsk tryggleik. Det er alltid godt å vere veldig synleg når ein er ute. Det kan vere vanskeleg for bilisten å få auge på ein fotgjengar med mørke klede når det er mørkt, seier Heggestad.

50 prosent er ikkje nok

Sjølv om folk i Sogn og Fjordane er best i landet på å bruke refleks, så betyr det ikkje at vi ikkje treng å skjerpe oss.

– Teljingar dei siste åra syner at det er opp i 50 prosent av dei vaksne som ikkje nyttar det, og det er ganske mykje, seier Heggestad.

Dersom du går utan refleks er du først synleg for bilføraren på 25 meters hald når han nyttar nærlys. Dersom han køyrer i 80 kilometer i timen, har han berre eitt sekund på seg frå han ser deg til han passerer eller treffer deg.

– Det er veldig lite å gå på. Det er også difor ulykkene skjer. Ein har også mange nestenulykker der folk nesten køyrer på fotgjengarar, seier Heggestad.

– Vi oppmodar alle som er ute og går om å nytte refleks. Ha refleks i alle ytterjakkene, så er det på plass når du skal gå ut. Dette er ei billeg livsforsikring, seier Heggestad.

PS: Det var éin syklist og tre fotgjengarar på filmen.