Hopp til innhold

Snart kjenner Mathias gullukta

(Førde–NTNUI Volley 3-1): Mathias Loftesnes har aldri vunne noko med Førde. Men snart håpar han å kjenne lukta av gull ...

Torgeir Dalen (t.v.) og Mathias Loftesnes

GODE: Førde har reist seg meisterleg etter cupfinaletapet for Nyborg. Laurdag måtte eit ungt NTNUI-lag reise utan poeng frå Førde.

Foto: Rune Fossum / NRK

Mot NTNUI Volley sytte Mathias Loftesnes for 16 av Førde sine 98 poeng i oppgjeret mot tabellfiraren.

Dermed held sunnfjordingane stand i toppen av Eliteserien.

– Eg har ikkje tenkt så mykje på det, men tek vi Randaberg på heimebane så kan hende gullukta kjem, gliser sogndølen letta.

Aldri vunne gull

Førde har tidlegare vunne både serie og cup, men det er utan Loftesnes på laget. Med fem kampar att av serien leiar sunnfjordingane med sju poeng på Nyborg.

Erkerivalen i Bergen har ein kamp til gode.

– Eg har aldri vunne noko med Førde, og er veldig sugen på å ta gullet. Så eg skal gjere mitt yttarste får at det blir gullfeiring her etter Nyborg-kampen, seier Loftesnes og presiserer at ingenting er avgjort.

Reiste seg etter cupfinaletapet

Men det ser vitterleg bra ut for Førde sin del. Etter cupfinaletapet mot nettopp Nyborg har sunnfjordingane reist seg meisterleg. I Oslo var Førde aldri i føringa mot bergenslaget .

– Det kan virke som om vi trengte cupfinaletapet for å skjerpe oss. Der vart vi sett godt på plass. Etterpå har vi heva oss heile gjengen. Det verkar å vere betre kjemi og flyt i laget, seier han og legg til:

– Samstundes trur eg det vart mange kampar i starten med Europacup, nordisk liga, serie og cup. Eg trur vi var slitne i starten. No har vi fått overskot, og har berre serien å konsentrere oss om.

Trøblete kamp

Mot eit NTNUI-lag som har slått alle lag i eliteserien, inkludert Nyborg og Førde, vart Marcin Lubiejewski heimelagets mest verdifulle spelar med 17 poeng.

Førde starta oppskriftsmessig med 25-21, men tapte andre sett 23–25. I tredjesett vart det 25–23 i favør av Loftesnes & co, før dei takka NTNUI for følgjet og parkerte dei med 25–17 i fjerde sett.

– Det gjekk vegen i ein litt trøblete kamp. Vi drog det i land og tok tre poeng, seier sogndølen letta.

– Ingenting er avgjort

– Vi har grei kontroll i 1. sett, men taper andre settet og ligg under 19–22 i tredje sett. Då såg det stygt ut. Vi får bra trykk på serven og snur settet. Hadde vi tapt det også, så hadde vi tapt eit poeng som godt kan bli avgjerande til slutt, seier Loftesnes.

I Bergen vann Nyborg 3–0 over Kristiansund og held dermed følgje i gullkampen.

– Dette er ikkje avgjort. Vi har Kristiansund i morgon, og har både Randaberg og Tromsø att. Her må vi vere fullt skjerpa heilt inn, konstaterer Loftesnes.

– Men de har poeng å gå på til Nyborg, og har råd til å tape ein kamp. Det ser bra ut?

– Vi kan tape og klare det, men eg vil ikkje komme i ein situasjon der vi møter Nyborg i siste kamp–og dei har sjanse til å ta gullet. Det blir skummelt. Det er veldig greitt å ha dei på avstand, seier Loftesnes.