Hopp til innhold

Loftesnes snusar på utlandet igjen

Etter to sesongar i Førde-trøya er kantspelar Mathias Loftesnes igjen på jakt etter ein klubb i utlandet.

Mathias Loftesnes

VIL UT: Mathias Loftesnes saknar både tøffare motstandarar og hardare kamp om speletida.

Foto: Alf Vidar Snæland

Den hardtslåande sogndølen sanka i år flest poeng av alle spelarane i eliteserien. Mathias Loftesnes har tidlegare to sesongar i estisk toppserie.

Etter å ha hjelpt Førde til seriemeisterskap i årets sesong, snuser 23-åringen igjen på eit proffeventyr i utlandet.

– Ein agent er på saka no. Eg har ståande tilbod frå to klubbar i Finland som det er usikkert om eg takkar ja til, men det er klubbar i Tyskland, Frankrike eller Belgia eg helst ynskjer meg, seier han.

Ynskjer seg ut att

Loftesnes har allereie gjeve leiinga i Førde beskjed om at han har dørene opne for ein mogeleg retur til utlandet. I 2011 kom sogndølen tilbake til Sunnfjord etter to år med Selver Tallin .

Medan det i fjor vart cupfinaletap for Nyborg og sølv i serien, kunne sogndølen for første gong første gang heve trofé som Førde-spelar då laget vann serien i år.

– Eg har ambisjon om å spele på eit høgare nivå og har døra opa. Kjem det ikkje noko bra tilbod, så er Førde det beste alternativet i Norge. Men agenten seier det ser lovande ut, smiler han.

– Ikkje pengane som lokkar

Loftesnes er saman med Lars Fredrik Tvinde og Lars Magnus Kaasa med i bruttotroppen til landslaget som i slutten av mai skal ut i VM-kvalifiseringskampar mot Hellas, Sverige og Island.

Medan dårleg økonomi og knallhard spelarmarknad pregar volleyballklubbane i Europa, er det målet om å bli best mogeleg som lokkar 23-åringen ut av landet igjen.

– Eg reiser ikkje for pengane sin del, men å utvikle meg sportsleg. Her i Norge er det berre Nyborg-kampane som er bra, og det er for liten konkurranse, seier han.

Ynskjer konkurranse

På eit ungt Førde-lag har Loftesnes vore ein sentral spelar dei siste åra, og han har langt på veg vore udiskutabel i startoppstillinga.

Samstundes er han med sine 23 år mellom dei eldste i stallen.

– Frå tida i Estland saknar eg litt konkurransen. Også konkurransen på trening. Dette å måtte fighte for å få speletid. Det er då du strekkjer deg, og det er då du blir betre, seier han og håpar at framtida er avgjort om ein månads tid.