Hopp til innhold

«Rart at politikarane ikkje vart informerte»

Fylkesutvalet har god grunn til å vere overraska over at dei brått og utan førevarsel fekk vite at styret i Fjord1 ville greie ut samanslåing med Norled, meiner professor Morten Huse.

Professor Morten Huse ved BI

MERKELEG: Professor Morten Huse meiner det er merkeleg at styret i Fjord1 ikkje informerte fylkespolitikarane om avtalen om å greie ut ei samanslåing med Norled.

Foto: BI

– Dette er eit av dei største selskapa i Sogn og Fjordane, og ein av dei viktigaste tinga fylkeskommunen er engasjert i. Det er rart at det ikkje kjem formell informasjon til fylkeskommunen på førehand, seier Huse, som er professor ved Handelshøgskulen BI.

Fylkeskommunen eig 59 prosent av Fjord1. Torsdag blei det kjent at Norled AS og Fjord1 AS hadde inngått ein intensjonsavtale om å greie ut grunnlaget for å etablere eit nytt sjøselskap med base på Vestlandet. Same dag fekk fylkesutvalet vite det, og medlemmene opplevde det som «særs overraskande» og «dramatisk» å få vite om planane over bordet og utan førevarsel.

– Ein kvar privat eigar vil vere overraska om styret går inn for ein fusjon eigaren ikkje er orientert om på førehand. Det ville vere veldig naturleg å orientere, seier Huse.

Styreleiaren forsvarar planane

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes fekk vite om planane tysdag 24 mars, men valde å ikkje informere dei andre i fylkesutvalet før saka blei kjent to dagar seinare.

Fredag 27. mars sa fylkesutvalet nei til fusjonsplanane, og bad styret i Fjord1 om å oppheve avtalen om å greie ut samanslåing. Fylkespolitikarane vil heller at fusjon blir eitt av fleire alternativ når fylkeskommunen skal avgjere kva dei vil gjere med eigardelen i ferjeselskapet.

Styret i Fjord1 skal diskutere vedtaket frå fylkesutvalet på eit styremøte etter påske. Styreleiar Reidar Sandal viser til at fylkesordføraren og ein sekretariatsleiar var informerte om fusjonsutgreiinga.

Sandal forsvarer avgjerda om å inngå avtalen med Norled før fylkespolitikarane var orienterte.

– Eit forretningsstyre og administrativ leiing, i dette tilfellet Fjord1, må kunne ta strategiske grep og diskutere saker som er gunstige for at selskapet skal kome best mogleg ut, seier styreleiaren.

– Burde informert

Professor Morten Huse støttar Sandal på dette punktet.

– Styremedlemmene skal gjere det beste for bedrifta, og eigarane har ikkje krav på å bli orienterte undervegs. Men ein bør likevel ha eit godt forhold til eigarane, og særleg når det ein sopass stor majoritetseigar.

– Er det naturleg at eigar og styre «snakkar saman», eller er det naturleg at styret informerer formelt undervegs?

– Eg ville i alle fall hatt uformell informasjon undervegs. Som styremedlem ville eg ikkje gått for noko slikt, utan å vite at eigarane kunne gå for det same.