Hopp til innhold

Oversåg fotgjengar i gangfelt

Ein mann i 60-åra har godteke eit førelegg på 7.000 kroner etter at han køyrde på ein fotgjengar i Nordfjordeid.

Påkøyrsel i Eid

PÅKØYRSLE: Fotgjengaren fekk lettare skader etter påkøyrsla.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Politiet meiner mannen ikkje var merksam nok og såg for seint fotgjengaren som var i ferd med å krysse gangfeltet.

Fotgjengaren, ein ung gut, vart frakta til Førde sentralsjukehus med luftambulanse. Det oppstod også materielle skader på bilen. Guten kom frå uhellet med lettare skade.

Bilføraren har vedteke bota på 7.000 kroner. Han må også klare seg utan førarkort i tre månader.