VG skriv fredag at det skal ha skjedd i haustferien i 2009, då Øygard, kona og den då 13 år gamle jenta tok turen til Vågsøy. Då kona var ute eit ærend skal Øygard ifylgje tiltalen ha forgripe seg mot jenta i hytta.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Øygard sjølv nektar for at det har skjedd noko overgrep. Forsvararen hans, Mette Yvonne Larsen, seier at kona ikkje var borte frå hytta på den aktuelle ferieturen.
– Dette stemmer ikkje. Kona var der heile tida, og det kan umogeleg ha skjedd noko.
Hytta ligg ikkje langt frå Kråkenes med flott utsikt over Stadhavet.
Øygard har to hytter, og jenta som no er 16 år, har forklart at han har hatt seksuell omgang med henne både på hyttene, heime i huset i Vågå og på reiser til Oslo, Molde og Larvik.
Øygard søkjer no permisjon frå vervet som ordførar i Vågå. Søknaden om permisjon omfattar alle verv han har som ordførar.