Hopp til innhold

Kjempar vidare for fylkesmoské

Muslimane i Sogn og Fjordane vil veldig gjerne få realisert planane om ein fylkesmoské i Førde. Men kommunen har ikkje svart på brevet deira.

Hoje Mohammad Ibrahim Zarghoon (t.v.) og Asiyah Zarghoon.

VIL HA MOSKÉ: Hoje Mohammad Ibrahim Zarghoon og dottera Asiyah Zarghoon vonar på ei moskéløysing i Førde.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Muslimar i fylket meiner det er flaut av Førde kommune at dei har latt det gå seks månader utan å svare på invitasjon til eit møte om den planlagte moskeén dei ønskjer å byggje.

Brevet med invitasjon til moskémøte vart sendt for eit halvt år sidan. I dei midlertidige lokala i Førde viser leiar Førde muslimske senter Hoje Mohammad Ibrahim Zarghoon fram bilete av ein tyrkisk moske. Dette kan bli modell for den framtidige moskeén i Førde.

På høg tid

Talskvinne for Førde muslimske senter, Asiyah Zarghoon, seier det er på høg tid at også muslimar her i fylket får sitt eige gudshus.

– Det er faktisk veldig flaut. Slik vi har lært i Noreg, så skal ein få svar på eit brev til det offentlege innan to veker. Det er uprofesjonelt. Vi har dessverre ikkje høyrt noko som helst.

Beklagar sterkt

Rådmann i Førde, Ole John Østenstad, beklagar på det sterkaste at dei ikkje har svart på brevet frå muslimane.

– Det skal ikkje vere slik, og det må eg berre beklage at vi ikkje har svart på det. Bakgrunnen for at vi ikkje har svart, er at vi framleis driv og forhandlar med grunneigarane om overtaking av tomta.

– Men burde ikkje kommunen i det minste sendt eit brev?

– Jo, og eg må legge meg ganske flat. Sjølvsagt burde dei hatt eit førebels svar. Vi har ein avtale med den eine grunneigaren, og er no i tingingar med den siste grunneigaren. Eg vonar at vi skal finne ei løysing no i løpet av hausten.