Hopp til innhold

Utålmodige muslimar klar for byggjestart

Planane om bygging av moské i Sogn og Fjordane er kome eitt hakk lengre. Men kommunen har framleis ikkje gitt byggjeløyve.

Moské

VIL BYGGJE: Hoje Zarghoon er leiar og Asiyah Zarghoon er talskvinne for Førde Islamske Senter.

Foto: Jonas Sætre / NRK

Førde Islamske Senter har i mange år vore i dialog med Førde kommune om bygging av ein moské.

Sogn og Fjordane er det einaste fylket i landet utan moské, og dei 350 muslimane i fylket er utålmodige etter ein stad å be.

Sette av tomt i bydelsplan

Våren 2009 vedtok Førde kommune ein bydelsplan for Hafstad bydel, der det er sett av ein tomt til trusamfunn. Kommunen skriv i eigt brev til Førde Islamske Senter: "Som nemnt på møtet den 7. januar vil det vere høve til å byggje moské for det islamske trussamfunnet på tomta."

Men dette er ikkje eit byggjeløyve.

Kommunen skal ikkje starte arbeidet med bydelsplanen før i juni, og fram til då er tomta ein privat jordbrukseigendom.

Det har likevel ikkje stogga planane til Førde islamske senter. Sidan januar har det islamske trussamfunnet inngått avtale med ein tyrkisk utbyggjar. Teikningane er klare, og 20 % av finansieringa skal bli dekka frå Tyrkia. No gjenstår resten av finansieringa.

Moské i Førde

PLANANE KLARE: Slik vil den nye moskéen sjå ut - om alt går i orden.

Foto: Jonas Sætre / NRK

Tatt lang tid


Førde kommune har lagt til rette for byggjing av moské i ein reguleringsplan i nye Hafstad bydel. Problemet er at tomta dei har sett av tilhøyrer ein privat grunneigar. Difor kan dei framleis ikkje love noko til dei utålmodige muslimane.

- Det har tatt lang tid, innrømmer rådmannen.

Asiyah Zarghoon er talskvinne for Førde Islamske Senter, og seier at dei håpar Førde kommune vil støtte dei med økonomiske midler. Men prosjektet står ikkje og fell på dét. Det vanlege ved bygging av moskéar i Noreg er at trussamfunna samordnar ein felles kollekt ved fredagsbøna.

Nei til økonomisk støtte


Muslimane i Sogn og Fjordane må nok sjå langt etter økonomisk støtte frå kommunen. Ikkje eitt åre vil bli set av til byggjing av moskéen, opplyser rådmann i Førde, Ole John Østenstad.

- Det me har sagt til menigheita er at me skal prøve å få satt av areal i planane våre, men utover det er det ikkje tanken at Førde kommune skal involvere seg i planene, seier rådmannen.

Sterkt fall i antal muslimar


Zarghoon opplysar at Førde Islamske Senter tidlegare hadde så mykje som 580 medlemer. No er dette tale nede på 240.

- Moskésaka har ført til at mange muslimar ikkje har følt seg velkomen i Førde. Det har gjort at mange muslimar har valt å flytte frå Førde, seier Asiyah Zarghoon.

- Ikkje vår oppgåve at muslimar flytter


Rådmannen meiner det blir for enkelt å sjå på flyttinga som berre ein følgje av at det ikkje er ein moské i byen.

- Me ønskjer selvfølgelig at muslimar også skal få ha sitt gudshus, men eg ser ikkje det på som nokon kommunal oppgåve å sørgje for at muslimane blir verande i kommunen.

Eigen gravplass

Ole John Østenstad påpeikar at Førde kommune har støtta muslimane i andre saker.

- Førde er ein av dei få plassane på landsbasis der gravplassen vår har lagt spesielt til rette for muslimar, seier rådmannen.

Kommunen skal vere ferdig med reguleringsplanen innan juni. Då vil kanskje muslimane få eit svar på om den 10 år lange kampen for eige gudshus, snart går mot slutten.