Hopp til innhold

No vil studentleiaren ta steget vidare

Ingrid Moe Albrigtsen har i fleire år kjempa studentane i Sogn og Fjordane i sak. No vil ho utvide horisonten.

Ingrid Moe Albrigtsen

GIR SEG: Ingrid Moe Albrigtsen seier frå seg vervet som studentleiar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane i april, uansett om ho blir ny leiar i Norsk Studentorganisasjon eller ikkje.

Foto: Privat

Leiaren av Studentparlamentet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane blir skildra som modig, rettferdig og engasjert.

No håpar ho å kunne representere studentar frå heile landet. Ho er nemleg ein av kandidatane til leiarvervet i Norsk Studentorganisasjon (NSO) som skal velje ny leiar i april.

– Eg har hatt tre veldig gode år og lært veldig mykje. Men eg kjenner eg skal vidare og utvikle meg meir, og eg treng ei større utfordring. Det har vore ei spire i magen min i fleire år. I år kjende eg at no er det på tide og veldig rett, seier Moe Albrigtsen.

Gir seg uansett som studentleiar

Uansett om ho får leiarvervet blir det vald ny studentleiar ved Studentparlamentet i Sogn og Fjordane i april, i same månad som NSO skal velje ny leiar.

Valet til Moe Albrigtsen betyr mellom anna at ho vil bruke meir tid på sitt nye kandidatur. Men ho lovar at det ikkje skal gå utover innsatsen ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, der studentane kjempar hardt mot ein fusjon.

Over 300 personar deltok onsdag i ei markering for høgskulen i Sogn og Fjordane.

SLO RING OM HØGSKULEN: Moe Albrigtsen har synleggjort studentane ved Høgskulen i Sogn og Fjordane i stor grad. Tidlegare i vinter var ho med på få til ein menneskeleg ring rundt høgskulebygget i Sogndal. (Foto/redigering: Falkeblikk/NRK/Stine Kyrkjebø Johansen)

– Eg kjem til å vere oppteken av at det er ei god overlapping til ny leiar. Og eg har ein enorm arbeidskapasitet når eg brenn for ting, og akkurat no er det desse to store tinga som kjem til å ta opp mykje av mi tid denne våren. Eg trur ikkje nokre av delane kjem til å bli neglisjert.

– Heldige om dei får ho

Ein av dei som har fått merke engasjementet til Moe Albrigtsen er tidlegare styreleiar i Høgskulen i Sogn og Fjordane, Heidi-Kathrin Osland. Ho vart glad då ho høyrde nyheita.

– Dei er heldige om dei får ho. Ho er eit stort politisk talent og ei fantastisk jente. Hadde eg hatt halvparten av pågangsmotet og evna hennar då eg var på hennar alder, så skulle eg vore veldig nøgd. Det er litt av eit leiaremne, seier ho.

Heidi- Kathrin Osland

ROS: Tidlegare styreleiar i Høgskulen i Sogn og Fjordane, Heidi-Kathrin Osland, har berre positivt å seie om den avtroppande studentleiaren.

Foto: Vidar Gudvangen

At engasjementet til Moe Albrigtsen har ført til mykje pirking på styret og leiinga i Høgskulen, meiner Osland berre er positivt.

– I eit kvart styre i ein kvar setting skal ein vere glad for at ikkje alle tenkjer likt. Ho har vore ein heilt fantastisk ambassadør både for Høgskulen i Sogn og Fjordane og studentane. Vi har sjølvsagt ikkje alltid vore samde, men når ho er til stades så kjenner du deg trygg på at studentane er representerte.

– Det er veldig, veldig godt å høyre og det gler meg. Eg lever for studentane, så det er godt å høyre at det er nokon som ser at eg har lyst å vere ein god representant for dei, seier Moe Albrigtsen.