– A few hours ago I got a telephone from United World College. And the Queen is coming! They asked us to sing for her, seier Jorunn Bakke Nydal på det einaste språket alle i koret forstår.
Koristane blir tydeleg forbausa, og nervøs latter brer seg over stolane i Bystyresalen.
Kvar tysdag samlar dei ivrige koristane seg i det inkluderande miljøet i tredje etasje på Førde Rådhus. Denne veka fekk dei førespurnad om å syngje for sjølvaste Dronning Sonja når ho kjem til United World College i Flekke 21. september.
Ein møtestad open for alle
– Det internasjonale koret starta som eit samarbeidsprosjekt mellom Førde kommune, Røde Kors, kyrkja og oss i Fylkeskommunen, seier musikkterapeut Jorunn Bakke Nydal.
Ho er ein av pådrivarane bak dei tverrkulturelle songsamlingane.
– Me tenkte at me skulle prøve å jobbe fram ein møtestad som kunne vere open for alle.
Det fekk dei i aller høgste grad til. Godt over 20 songfuglar dukka opp på tysdag, og sjølv om tala på frammøtte varierer frå veke til veke, er det alltid mange som kjem.
– Det er kjempeflott at kommunen no legg til rette for at det kan vere ei korøving kvar veke, og det til og med i Bystyresalen. Å delta i kulturaktivitet, det gjev meining. Og det lyftar ein, seier Bakke Nydal.
- Les også:
Takkar førdianarane
Yousif Ismail (34) er ein av dei mange asylsøkjarane på Bergum mottakssenter som ser fram mot øvingane.
– Det er veldig koseleg. Vi som ikkje har jobbar treng ein stad vi kan gå til, ein stad å møte folk. Her er det menneskje frå alle stadar i verda. Her lærer vi å snakke norsk. Dette er bra for oss, seier han.
Han er frå seg av begeistring over kor inkluderande og snille førdianarane har vore med sine nye sambygdingar.
– Eg har ikkje opplevd noko dårleg sidan eg kom hit, folk har berre vore bra. Eg vil gjerne takke folka i Førde fordi dei er så snille, smiler han.