Hopp til innhold

No kan han endeleg le av seg sjølv

Harald Aabrekk mimrar om eigne skodespelarprestasjonar som Tromsø-trenar i 1995 - og han er ikkje stolt.

Harald Aabrekk

Harald Aabrekk er lite stolt over eiga fortid som skodespelar.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Harald Aabrekk er mannen som scora Sogndals første mål i eliteserien nokon gong. Han har også trenarjobbar i Vålerenga, Brann og det norske A-landslaget - og han tek no over som hovudtrenar for Sogndal Fotball.

Men: LIkevel hugsar mange han framleis for skodespelarprestasjonane, då han som Tromsø-trenar i 1995 vart liggjande tilsynelatande livlaus på sidelinja på Aspmyra stadion i Bodø.

- Eg er ikkje spesielt stolt av det. Det var forferdeleg pinleg. Men no har eg fått så mange kommentarar og blitt konfrontert med det så mange gongar, at eg klarer å le av det, sa Aabrekk. til NRK Sogn og Fjordane i onsdagsportettet i dag.

- Tabbe å ikkje reise meg

Den velkjende episoden skjedde under ein kamp mellom Bodø/Glimt og Tromsø i 1995. Aabrekks Tromsø leia kampen då ballen gjekk utover sidelinja - og eidaren vedgår at han nok ikkje var den kjappaste til å kaste ballen tilbake til spelarane.

Det utløyste irritasjon på benken til Bodø/Glimt, der fysioterapeuten gjerne ville ha ballen tilbake i spel snarast råd. Idet han skulle ta ballen ifrå Aabrekk, snubla Tromsø-trenaren i ei aluminiumslist, og vart liggjande livlaus på indre bane.

Deretter vart Aabrekk køyrd bort i ambulanse. Eigentleg heilt uskadd...

- Tabben var at eg ikkje reiste meg momentant. Då vart hundredelane lange som år. Og då slit du, seier Aabrekk i dag - 14 år etter den famøse episoden.

Trekt fram i humorprogram

Resultatet kjenner alle som følgjer fotballen i Norge: TV-bileta gjekk sin sigersgang, og seinast i humorprogrammet Golden Goal på TV2 vart episoden trekt fram igjen med stor suksess.

- Kva gjekk gjennom hovudet ditt då du låg på bakken?

- Hadde eg visst det, hadde eg ikkje vore her i dag. Då hadde eg nok vore psykolog, psykiater eller noko slikt, ler Aabrekk.

Drøymer om opprykk

No skal den rutinerte og meritterte trenaren ta over Sogndal sitt A-lag, som etter å ha snubla i kvaliken må ta til på eit nytt år i 1. divisjon.

- Jobben hadde vore klart enklast om vi hadde vore eit tippeligalag i 2010. Det er lettare å utvikle spelarar der, seier han.

- Kva er hovudmålet ditt med Sogndal?

- Draumen min er å rykkje opp med Sogndal. Så får tida vise om vi klarer å nå måla vi set oss saman, seier Aabrekk.