Hopp til innhold

Harald Aabrekk ny trenar i Sogndal

Harald Aabrekk blir ny trenar i Sogndal frå 1. januar 2010.

Harald Aabrekk og Karl Oskar Emberland

Harald Aabrekk (til venstre) blir ny trenar når Karl Oskar Emberland gir seg.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Karl Oskar Emberland er inne i sin siste sesong som trenar for Sogndal.

Det vart kjent på ein pressekonferanse i ettermiddag.

- Harald var vårt førsteval og passar godt inn i vår talentprofil, seier Jarle Flo, som leia arbeidet med å finne ny trenar.

Overraskande

Trenarskiftet i Sogndal kom overraskande, sjølv om Aabrekk først skal begynne frå årsskiftet.

- Fram til eg tek til er det Karl Oskar som er trenar, eg skal vere på tribuna, sa den nye Sogndal-trenaren på pressekonferansen.

På pressekonferansen forklarte Emberland at tre år borte frå familien i Haugesund var nok. Han la ikkje skjul på at han ser fram til å flytte tilbake til byen.

Kjenner Sogndal

Harald Aabrekk har trent Sogndal tidlegare med suksess, men var også kjent for sitt hissige temperament.

- Eg har utvikla meg sidan den gong, og det er lenge sidan eg har hatt ein kontrovers med ein dommar, sa ein lattermild Harald Aabrekk.

Talentspeidar

Han kjem til jobben i Sogndal etter å ha vore talentspeidar i Brann.

- Det blir mykje jobb dette, og eg vil ikkje klare det åleine. Sjølv om eg har erfaring frå dette tidlegare så treng eg hjelp frå alle som er her i Sogndal, sa Aabrekk.

Han takka ja til Sogndal fordi han veit at klubben har eit stort og godt apparat til å utvikle klubben vidare, uansett om det blir i 1. divisjon eller Eliteserien.

Lang karriere

Aabrekk har lang erfaring som fotballspelar og trenar. Han har spelt 234 kampar og scora 73 mål for Sogndal. Trenarkarriera hans ser slik ut:

  • 1983-1984 Eid
  • 1985-1986 Sandane
  • 1987-1989 Stryn
  • 1990-1992 Sogndal
  • 1991-1998 Assistent U-landslag
  • 1993-1995 Tromsø
  • 1996-1997 Regionansvarleg Vestlandet NFF
  • 1998-1999 Brann
  • 1998-2003 Assistent A-landslag
  • 2002-2005 Haugesund
  • 2006-2007 Vålerenga
  • 2008-2009 Brann