Hopp til innhold

No er Gudvangatunnelen open for fri ferdsle igjen


E16 gjennom Gudvangatunnelen er opna for fri ferdsle. Tunnelen har vore delvis stengd sidan bussbrannen 11. august, men i natt vart reparasjonsarbeidet avslutta.

Gudvangatunnelen

OPEN: 11. august vart Gudvangatunnelen stengd og 37 personar evakuerte då ein svensk turistbuss byrja å brenne i tunnelen 11. august. No kan trafikken gå fritt igjen.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

– Ja, klokka 23 i går kveld kunne vi opne vegen igjen, seier Avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen.

11. august tok det fyr i ein svensk turistbuss i Gudvangatunnelen. 37 personar måtte evakuerast, og den 11,4 kilometer lange tunnelen vart stengd for trafikk.

Raskare enn rekna med

Då tunnelen vart stengd etter brannen rekna ein med at det kunne ta seks veker å utbetre skadane, basert på erfaringane frå den førre tunnelbrannen for to år sidan.

Svenn Egil Finden

KUNNE OPNE FOR TRAFIKK IGJEN: Svenn Egil Finden er avdelingsdirektør i Statens vegvesen.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Straks etter brannen så var det vanskeleg å seie noko om omfanget, og då er det vanskeleg å gå ut å vere for optimistisk overfor publikum. Vi må vere realistiske og ta omsyn til at det kan ta lang tid.

Men reparasjonsarbeidet har gått raskare enn venta, etter to veker kunne ein opne for kolonnekøyring for tungtrafikken , og i natt vart altså arbeidet avslutta.

– Takka vere ein del av arbeidet som vart gjort etter førre brann, så gjekk det raskare denne gongen.

Etter brannen for to år sidan vart det gjort ein del oppgraderingar , blant anna når det gjeld det elektriske, som gjorde at det var enklare å reparere skadane denne gongen.

Gudvangatunnelen

RASKARE ENN VENTa: Det har gått raskare å reparere skadane etter brannen i Gudvangatunnelen enn det ein først rekna med.

Foto: Statens vegvesen

Førebels ikkje klart kva det kostar

Før det blei opna for trafikk sundag kveld, vart alt utstyr i tunnelen testa for å sikre at alt fungerer slik det skal. Kva den endelege prislappen på reparasjonsarbeidet blir er førebels ikkje klart.

– Det er for tidleg å seie, vi har ikkje fått inn alle kostnadane enno, så vi jobbar framleis med å få på plass eit kostnadsoverslag, så kva dette kjem til å koste, det må vi kome attende til.