Hopp til innhold

– Har sett i gang arbeidet med å betre tryggleiken i Gudvangatunnelen

– Statens vegvesen er i gang med å betre tryggleiken i Gudvangatunnelen, seier regionvegsjef Helge Eidsnes.

Får kritikk etter Gudvangabrannen

SKAL OPPGRADERE: I 2016 startar Statens vegvesen ei oppgradering av Gudvangatunnelen til 300 millionar kroner

Foto: MONTASJE: NRK/Stine Larsen Ramsøy / NRK

Både brannvesen og Statens vegvesen får kraftig kritikk etter brannen i Gudvangatunnelen for to år sidan. Det går fram av rapporten som Statens havarikommisjon (SHT) for transport har lagt fram i dag.

– Dette var ei svært alvorleg hending, og vi er glad for at ingen miste livet her, seier Eidsnes.

Fem personar vart kritisk skadde, og 23 personar alvorleg skadde av røyken. Onsdag kom rapporten frå Statens havarikommisjon (SHT) for transport som har analysert redningsarbeidet og beredskapen.

Havarikommisjonen med krass kritikk

SJÅ TV-SAK: Statens vegvesen og brannvesenet får kraftig kritikk etter brannen i Gudvangatunnelen på E16 for to år siden. Det kommer fram i en ny rapport som ble lagt fram i dag.

Fleire kritiske punkt

Havarikommisjonen finn mellom anna at trafikantane stod i ein kritisk situasjon i røyken, at trafikantane ikkje fekk noko informasjon i situasjonen, at tryggingsoppfølginga av Gudvangatunnelen var mangelfull og at tunnelen var dårleg utrusta og tilrettelagd for sjølvredning.

Avdelingsdirektør i Statens havarikommisjon, Rolf Mellum

KJEM MED KRITIKK: Rolf Mellum er avdelingsdirektør i Statens havarikommisjon.

Foto: Anette Holth Hansen / NRK

Vi ser på dette som ei alvorleg hending, 28 personar blei alvorleg skadde og sjølv om ingen miste livet så er dette ei svært alvorleg hending, seier Rolf Mellum som er avdelingsdirektør i Statens Havarikommisjon.

Tar til seg kritikken

– Vi forstår, og tar til oss kritikken som kjem havarikommisjonen. Vi ser fleire forhold som både kan og skal betre, seier Eidsnes.

Når det gjeld spørsmålet om kvifor tryggleiken ikkje var betre i Gudvangatunnelen på branntidspunktet syner Eidsnes til at då tunnelen opna i 1991, så stetta den krava som då var stilte.

– Det var verdas lengste tunnel, og blei vurdert som verdas tryggaste tunnel. Den tilfredsstiller også dagens krav.

Nye krav

Frå 2019 kjem det nye krav til tunneltryggleiken frå EU og Norsk tunnelforskrift.

Helge Eidsnes

TAR KRITIKKEN TIL SEG: Helge Eidsnes er regionvegsjef for Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.

Foto: NRK

– Vi startar arbeidet med å oppgradere Gudvangatunnelen i 2016.

Arbeidet skal vere ferdig i 2017, og er kostnadsrekna til 300 millionar kroner.

– Dette vil gi ei betydeleg standardheving, og vi vil vere i stand til å møte ein del av dei forholda som Statens Havarikommisjon tar opp i sin rapport.