Hopp til innhold

Når Liverpool spelar finale på Wembley, er det med drakter trykt i Sogn

Sjølv hardbarka United-supporterar er glade for at Liverpool har valt ei bedrift i Sogn som leverandør av merkene på draktene når dei spring ut på Wembley komande søndag.

Liverpooldrakt frå Sogn

FINALETRYKK: Liverpool har laga eigne drakter til Ligacup-finalen, og all trykken av merke er gjort i Sogn.

Foto: Privat

I Gaupne i Sogn har dei 130 arbeidarane i Avery Denison NTP jobba hardt for å bli klar med leveringa av drakter til Ligacupfinalen mellom Liverpool og Manchester City.

– Vi blei kontakta av Liverpool fotballklubb litt tidlegare i år og no på søndag skal dei spele ligacupfinale på søndag. Då valde dei å bruke oss som leverandør til finaledraktene som spelarane skal bruke, men dei blir også tilgjengelege for sal til fansen, fortel dagleg leiar Tom Dyrdal til NRK.

– Kjempeviktig kunde

Han har ingen vanskar med å innrømme at han er Manchester United-supporter og såleis har sterke kjensler i høve erkerivalen Liverpool. Men for bedrifta han leier er det ein svært viktig kontrakt som blei landa for ei tid tilbake.

– Kommersielt sett så er det kjempeviktig å få slike referansekundar sidan Liverpool er ein stor klubb. Men lokalt her i Gaupne og for arbeidsmiljøet betyr det også ein heil del fordi det er mange her som er fotballinteresserte. Ein slik ordre skapar masse engasjement blant gjengen som jobbar her.

Tom Dyrdal

GODT NØGD: Dagleg leiar i Avery Denison NTP, Tom Dyrdal, er sjølv Manchester United-supporter, men han er særs nøgd med å kunne levere produkt til Liverpool.

Foto: Steinar Lote / NRK

Fotballklede blir viktigare

Framleis er det trykk av merke på arbeidstøy som er den viktigaste inntektskjelda for bedrifta i Luster, men oljekrisa fører også til ei utflating og etter kvart ein nedgang i leveransane til mellom anna entreprenørar.

– Vi leverer jo mykje til arbeidstøy og vi ser at Norge er i ferd med å falle inn i ein resesjon og det blir mindre og mindre arbeidsplagg i sirkulasjon. Men sportsmarknaden og fotball er større enn nokon sinne i Europa. Det er ei veldig kjøpesterk gruppe og det er kundar som krev kvalitet. Det passar oss heilt perfekt. Vi ønskjer å vekse i den marknaden.

– Korleis skal de klare det?

– Det er først og fremst å skaffe seg referansekundar. No har vi jo verdas beste fotballklubb, Barcelona, på kundelista. No får vi Liverpool og vi har Arsenal og ein del andre klubbar. Når ein kan referere til den typen klubbar, så meiner vi at vi har gode nok referansar til å levere til kva som helst slags klubb.

Klopp

KLOPP-TOPP: Liverpool-manager Jürgen Klopp har trua på siger mot Manchester City komande søndag.

Foto: PATRIK STOLLARZ / Afp

Satsar hardt på siger

I England er spenninga stor før finalen i Ligacupen, og Liverpool-manager Jürgen Klopp er nok temmeleg uvitande om at det er ei bedrift på Vestlandet som har levert dei ferdig trykte draktene til spelarar og fans før finalen på Wembley søndag.

– Fotball handlar om å vinne. Ein del spelarar og trenarar må jobbe heile livet utan å oppnå suksess. Men no har vi moglegheita til å vinne, sa Klopp på ein pressekonferanse fredag ettermiddag.

Liverpool frå Sogn

STASDRAKT: All trykken på finaledraktene til Liverpool er utført av verksemda i Gaupne i Sogn.

Foto: Privat