Hopp til innhold

Nær 490 millionar til skredsikring

Statens vegvesen har no lagt fram eit forslag til handlingsprogram, som viser korleis dei vil løyse oppgåvene som ligg i Nasjonal transportplan (NTP).

Åshild Kjelsnes

GLEDE: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes gler seg over nær 490 millionar kroner ekstra til rassikring.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes gler seg over dei om lag 487 millionar kronene Sogn og Fjordane ser ut til å få til skredsikring dei komande åra.

Vegvesenet legg opp til at løyvingane til skredsikring aukar årleg, slik at fylket får ein større sum kvart år fram til 2017. Fylkeskommunen skal lage eit framlegg til korleis midlane skal prioriterast.

– Eg er glad for at løyvingane til rassikring aukar. Det er heilt nødvendig både for Sogn og Fjordane og for landet samla. Eg ynskjer meg enno høgare løyvingstakt i åra som kjem, for vi har altfor mange innbyggjarar som framleis må vente for lenge på ein rassikker veg. Rassikring er eit nasjonalt ansvar vi må halde trykk på, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

Meir til tunnelar

Tunnelvedlikehald er ei stor utfordring her i fylket. Vegvesenet ønskjer å nytte 377 millionar kroner meir til opprusting av tunnelar i perioden 2014–17 enn det regjeringa la opp til i NTP. 347 av desse millionane er tiltenkte Gudvangatunnelen i Aurland.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes er glad for meir pengar til tunnelvedlikehald, men satsinga dekkjer ikkje heile behovet.

– Trongen for midlar til tunnelvedlikehald har vore undervurdert og nedprioritert i mange år. I den seinare tid har tilstand i tunnelane blitt systematisk kartlagde, og dette har avdekka store manglar og ikkje minst synleggjort ei stor økonomisk utfordring. Dette gjeld spesielt vestlandsfylka, som naturleg nok utpeikar seg som «tunnelfylke». Det er bra at ein no legg opp til å nytte betydelege midlar til opprusting av tunnelane våre. Dette arbeidet vil krevje store løyvingar i mange år framover, seier Kjelsnes.

Nær ni milliardar

Statens vegvesen legg opp til at det skal brukast til saman 8,9 milliardar kroner på veg i Sogn og Fjordane i heile den 10-årsperioden NTP gjeld for (2014–2023).

Handlingsprogrammet, som vegvesenet la fram 23. september, er ei konkretisering av den nasjonale transportplanen til regjeringa.

Her føreslår vegvesenet korleis midlane til investering, drift, vedlikehald og så vidare skal fordelast. Fylkestinget skal gje uttale til handlingsprogrammet i desember.

Skredsikring (i millionar kroner)

Veg

2014-17

2018-23

2014-23

Rv. 13 Vik - Vangsnes

330

250

580

E16 Nærøydalen (start)

0

850

850

Rv. 5 Kjøsnesfjorden (start)

0

720

720

Rv. 15 Strynefjellet (start)

0

360

360

Skredsikringstiltaka som er prioriterte i handlingsprogrammet til Statens vegvesen.