Hopp til innhold

No skal landets verste veg bli betre

Samferdsleutvalet går inn for å garantere midlar for vidareføring og ferdigstilling av Olden – Innvik.

Ryggar ikkje, nei

BLIR FERDIG: Utbetringsarbeidet på Olden–Innvik skal ferdigstillast.

Foto: Nyhetsspiller

NRK fortalde tysdag morgon at Senterpartiet ville prøve å få samferdsleutvalet med på ein garanti for ferdigstilling av vegen.

Det er derimot ikkje klart kvar dei 380 millionane dette vil koste skal hentast frå.

– Ein kan gjerne seie at ein aldri kan stole på politikarane, men det har vist seg at ein kan stole på dei i denne saka. All honnør til politikarane, jublar Olav Rune Haugen i Innvik.

Oppstart neste haust

Steinblokker sperrar vegen mellom Olden - Innvik

RAS: Det har siste åra gått fleire ras mellom Olden og Innvik.

Foto: NRK.no-tipsar

Går ein vel eitt år attende i tid, stod han og eit tjuetals foreldre, rasvakt då skulebussen skulle passere rasutsette Ugla mellom Olden og Innvik. Då var kravet ferdigstilling av utbetringsarbeidet på det som er kåra til landets verste veg, fylkesveg 60.

I dag har samferdsleutvalet garantert kontinuitet i arbeidet.

– Vi ynskjer samrøystes å legge inn siste parsellen, og starte arbeidet hausten 2014. Vi ser det som viktig å halde kontinuiteten i arbeidet, seier utvalsleiar Arnstein Menes (Sp).

Tema også onsdag

Velaug Veum og Arnstein Menes

GLEDE: Arnstein Menes (t.h.) og Samferdsleutvalet har gledd mange i dag etter vedtaket dei gjorde om Olden–Innvik. Til venstre sit fylkesdirektør Velaug Veum.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– I det som ligg som høyringsutkast til regionaltransportplan, så ligg det inne kring 50 millionar kroner årleg til finansiering. Vi meiner framdrifta er så viktig at vi vil ta låneopptak for å få det på plass, legg Menes til.

Utvalet har i si tilråding signalisert lånefinansiering både overfor finansutvalet, som skal ha møte onsdag, og fylkestinget.

– Akkurat finansiering av dei 18 millionane dette vil koste oss i kapitalkostnader er ikkje skissert i detalj frå samferdsleutvalet, men vi ber finansutvalet ta dette med seg i den vidare planlegginga fram mot vedtak i budsjettet, seier Menes.

Ein milepæl

Foreldre står rasvakt ved Ugla.

RASVAKT: Olav Rune Haugen og Tanja Hage (t.h.).

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Langs sørsida av fjorden jublar dei over vedtaket i samferdsleutvalet. Haugen er ein av mange foreldre som i dag gler seg over ein framtidig sikrare veg for skuleborna.

– Eg veit ikkje kor mange tiår det har vore snakk om dette, og det er mange som har stått på over lang tid. Dette er ein milepæl for ei vegstrekkje som i lang, lang tid har vore overtrafikkert i høve vegstandarden, seier Haugen og viser til både trafikkorkar og ikkje minst fleire ras dei siste åra.

– Siste kapittel

– Sjølv om det går nokre år til det er ferdig og vi kan ta dette i bruk, så skal vi gje politikarane honnør i dag. Og glede oss over det som har skjedd, legg han til.

– No ser det ut til å vere tverrpolitisk semje om Olden – Innvik. Ser du føre deg at det kan vere skjær i sjøen?

– Det er kjekt å sjå at politikarane står ved det dei har sagt siste åra, at prosjektet er prioritert på topp og at det bør ferdigstillast. Det er ikkje endeleg vedteke, men det ser lovande ut. Eg håpar dette er siste kapittel i sagaen om Olden – Innvik.

Startar rassikring i Luster

Vegstrekkja i Nordfjord var ikkje einaste som stod på saklista til samferdsleutvalet i dag. I tillegg gjekk dei inn for oppstart av rassikringsarbeid på vegen til Veitastrond i Luster.

Denne strekka måtte vike til fordel for rassikring av vegen til Menes i Balestrand.

– Vi har nett fått løyvingsbrev frå Staten der fylket har fått 475 millionar kroner til rassikring av fylkesvegar dei neste fire åra. Samferdsleutvalet ynskjer å vere offensive der også, og har gjeve signal om at prosjekta med Bjødnabakken og Lindeskrea i Luster til Veitastrond må setjast i gang våren 2014, seier utvalsleiar Menes.

Dei gjekk også inn for ein ekstra ferjeavgang mellom Måløy og Oldeide. Når det gjeld takstane for båttrafikken i Florabassenget vart denne saka utsett med tanke på å få takstane ytterlegare redusert, spesielt på biltrafikken.