Hopp til innhold

Utvalsleiaren etterlyser meir tunnelmidlar

Leiar Arnstein Menes (Sp) i samferdsleutvalet fryktar at store løyvingar til Gudvangatunnelen går på kostnad av andre tunnelar i fylket.

Arnstein Menes etterlyser meir midlar til vegprosjekt.

SKEPTISK: Arnstein Menes er glad for at det kjem meir midlar til oppgradering av tunnelane, men etterlyser samstundes langt meir midlar til både tunnelar og vegnettet generelt.

Foto: Fotomontasje / NRK

Gudvangatunnelen får kring 350 av dei 380 millionane som er løyvd til tunnelopprusting i fylket.

Arnstein Menes meiner pengane også må kome andre tunnelar til gode.

– Eg meiner vi har større utfordringar. Vi har fleire tunnelar som treng sårt utbetring. Ulukka i sommar viser ei kjempeutfordring med tunnelar, samt omkøyringsvegar som ikkje har den kapasitet som vi ynskjer for å takle stenging av tunnelane våre, seier han og siktar til brannen i Gudvangatunnelen.

Mest til Gudvangatunnelen

I dag vart det kjent at Statens vegvesen Region vest kan få opp til 850 millionar kroner meir til oppgradering av tunnelane på vegnettet dei neste fire. Kring halvparten går til Sogn og Fjordane.

Nils Magne Slinde, Statens vegvesen region Vest

KJEM MEIR: Nils Magne Slinde trur det vil komme meir pengar til vegnettet.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Med unntak av 30 millionar går alt til utbetring av Gudvangatunnelen på E16.

– Vi fekk gjort ein del utbetringar i Gudvangatunnelen etter brannen 5. august, men i det vidare arbeidet skal det blant anna installerast nytt ventilasjonsanlegg og lysanlegg. Det skal også sprengjast ut for tekniske rom, tunnelen skal reinskast og sikrast. Tunnelportalen ved Langhuso skal utvidast, og det skal gravast grøfter for kablar, leidningar og drensanlegg, seier avdelingsdirektør Nils Magne Slinde.

Treng meir midlar

Menes er glad for å sjå at utbetring av E39-strekkjene Vadheim – Sande og Bjørset – Skei, samt vidareføring av opprustingsarbeidet på E16.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Fornying (i millionar kroner)

Veg

2014-17

2018-23

2014-23

E16 Gudvangatunnelen

374

30

377

E16 Flenjatunnelen

33

0

33

Sjølv om han er glad for at det kjem meir midlar til tunnel enn det som var varsla gjennom Nasjonal Transportplan, meiner senterpartipolitikaren at det må komme meir.

– Vi avheng av å halde vegnettet ope med tunnelane. Dersom tunnelane blir vurdert som ikkje sikre, så må dei gjerast noko med. Då ligg det for lite midlar inne både på riksveg og fylkesvegar, seier Menes.

– Kø og kaos

– Fylkeskommunen er per i dag ikkje i stand til å ruste opp alle tunnelane har på vegane og avhengig av at staten kjem og hjelper oss, legg han til.

Utvalsleiaren peikar mellom anna på erfaringane frå då Gudvangatunnelen måtte stengjast og trafikken gjekk om riksveg 13 Vikafjellet og fylkesveg 55.

– Der vart det kø og kaos, seier han og siktar spesielt til strekkja Hella – Leikanger.

Ikkje overoptimist

– Det er rett fokus å peike på tunnelvedlikehaldet, men eg trur det må meir midlar. Eg er spent på om den nye regjeringa klarer å gripe fatt i dette og kan bidra med meir midlar til tunnelvedlikehaldet, men eg er ikkje overoptimistisk på at dei skal sjå alle utfordringane vi har spesielt på Vestlandet, legg han til.

– Men no har kanskje ikkje den føregåande regjeringa gjort nok heller?

– Nei, dette er eit område det er gjort for lite på, det skal eg gjerne innrømme. Så får eg håpe at det fokuset som er no, både frå vegvesenet og diverre gjennom det som skjedde i sommar, fører til at vi får gjort meir på tunnelvedlikehaldet.

Må prioritere E16 og E39

Avdelingsdirektør Slinde er samd i at det er stort behov for å ruste opp mange tunnelar på vegnettet i fylket. Han nemnder lysanlegg, ventilasjon og naudnett.

Samstundes hastar det mest med å ruste opp tunnelane på det transeuropeiske nettverket, E16 og E39. Dei må vere utbetra til 2019.

Slinde legg til at løyvinga lettar presset på drift- og vedlikehaldsbudsjettet.

– Gudvangatunnelen er den lengste og mest krevjande å få gjort noko med. Eg reknar med det kjem meir pengar på investeringsbudsjettet, og eg er også trygg på at det kjem ein del midlar til drift- og vedlikehaldsbudsjettet som må prioriterast i andre tunnelar både i vårt fylke og andre delar både på e16 og 39, seier han.

Store prosjekt (i millionar kroner)

Veg

2014-17

2018-23

2014-23

E39 Lavik ferjekai

161

0

161

E39 Anda ferjekai

9

 

9

E39 Torvund - Teigen

15

 

15

E39 Dregebø - Grytås og Birkeland - Sande nord

558

 

558

E39 Bjørset - Skei

290

370

660

E39 Kjøs bru - Grodås

0

200

200

E39 i Sogn og Fjordane (andre strekkjer)

0

1200

1200

Rv. 13 Vikafjellstunnelen

0

100

100

Rv 5 Loftesnesbrua

249

0

249

E16 Seltun - Stuvane

3

0

3

E16 Smedalsosen - Maristova - Borlaug

325

0

325

E16 Varpe bru - Smedalsosen

1430

58

1488

Rv. 15 Strynefjellet (strakstiltakt og start)

0

460

460

Ekspander/minimer faktaboks

Skredsikring (i millionar kroner)

Veg

2014-17

2018-23

2014-23

Rv. 13 Vik - Vangsnes

330

250

580

E16 Nærøydalen (start)

0

850

850

Rv. 5 Kjøsnesfjorden (start)

0

720

720

Rv. 15 Strynefjellet (start)

0

360

360

Utbetringstiltak (i millionar kroner)

Veg

2014-17

2018-23

2014-23

E39 Oppedal ferjekai

31,2

0

31,2

E39 Loteberget

8,3

0

8,3

Rv. 55 Bondevik - Fardal (inkl sykkelfelt)

37

38

75

Rv. 52 Eldrevatn, fresegrøft

12,7

0

12,7

Rv. 5 Sikring ved Stølsnestunnelen vest

5,8

0

5,8

Rv. 5 Frudalen og Berge, naudnett i tunnel

9,5

0

9,5

Rv. 5 Tylden forbikøyringsfelt, samordning Loftesnesbrua

20

0

20

Rv. 5 Fodnes, frostsikring tunnel

2,3

0

2,3

Rv. 5 Mannheller kvilekai

12

0

12

Rv. 15/E39 Nor bru - Hjelle

29,1

0

29,1

Ekspander/minimer faktaboks

Tilrettelegging for gåande og syklande (i millionar kroner)

Veg

2014-17

2018-23

2014-23

E39 Tiltak etter gang- og sykkelveginspeksjoanr

4,8

0

4,8

E39 Farsund - Kusslid

4,1

0

4,1

E39 Klokkargarden - Hjelle

36,8

0

36,8

E39 Hafstad - Kronborg

11,6

0

11,6

Rute 4c Tiltak etter GS-veginspeksjonar

2

0

2

Rv. 55 Fardal - Ylvisåker

24,8

0

24,8

Rv. 55 Kløvi - Njøs

4,6

0

4,6

Rute 5c strakstiltak etter GS-veginspeksjonar

2,2

0

2,2

Rv. 5 Gravensteinsgata, Sogndal

20,5

10

30,5

Rv. 15 Strakstiltak etter GS-veginspeksjonar

4,6

0

4,6

Rv. 15 Haugland - Haugen

1

0

1

Rv. 15/E39 Nor bru - Hjelle

34,8

0

34,8

Ekspander/minimer faktaboks

Trafikktryggleikstiltak (i millionar kroner)

Veg

2014-17

2018-23

2014-23

E39 Strakstiltak etter ts-inspeksjon/risikovurdering

9,3

0

9,3

E39 Instefjordkrysset, fullkanalisering

12

0

12

E39 Veglys Vassenden

2,5

0

2,5

E39 Førde, lyssetting gangfelt

0,7

0

0,7

E39 Skiltstyring tungtrafikkontroll Førde

2,3

0

2,3

E39 Hafstad - Kronborg; veglys

1,2

0

1,2

E39 Kryss med fv. 609 (Askvollkrysset), kryssutbetring

5

24

29

E39 Kronborg - Farsund, veglys

6,4

0

6,4

Rute 4c Strakstiltak etter TS-inspeksjon

3,5

0

3,5

Rv. 55 Kryss med Leitevegen

9,3

0

9,3

Rv. 55 Stedje, fotgjengarsikring

7

0

7

Rv. 13 Vangsnes, fjerning av sikthinder

2,3

0

2,3

Rv. 55 Kontrollstasjon, Sogndal

2,3

0

2,3

Rv. 55 Sentrumstiltakt, Leikanger

4,7

0

4,7

Rv. 52 Eldrevatn, kolonnelys

7

0

7

Rv. 5 Bergum, kryss

38,2

0

38,2

Rute 5c Strakstiltak etter TS-inspeksjonar inkl. trafosikring Frudalstunnelen

7

0

7

UP-postar, Sogn og Fjordane

2,6

0

2,6

Rv. 15 Strakstiltak etter TS-inspeksjon

10

0

10

Rv. 15/E39 Nor bru - Hjelle

36,8

0

36,8

Rv. 15 X Rv. 60 Kjøs bru, rundkøyring

5,8

0

5,8

Ekspander/minimer faktaboks

Miljøtiltak (i millionar kroner)

Veg

2013-17

2018-23

2014-23

E39 Vassdirektivet Sogn og Fjordane

2

0

2

Støytiltak

1

0

1

Rv. 15 Mogrenda, førebuingar (Nor bru - Hjelle)

0,8

0

0,8

Servicetiltak (i millionar kroner)

Veg

2014-17

2018-23

2014-23

Rv. 13 Rasteplass Vangsnes ferjekai

2,7

3

5,7

Rv. 13 Rasteplass Hella

2,3

0

2,3

Rv. 52 Kjettingplass Breistølen

3,5

0

3,5

E16 Rasteplass/kolonnetoalett Borlaugkrysset

5,8

0

5,8

Rv. 15 Rasteplass Lefdalsneset

3,5

0

3,5

Kollektivtiltak og universell utforming (i millionar kroner)

Veg

2014-17

2018-23

2014-23

E39 Oppgradering haldeplassar

1

0

1

E39 Busslomme ved Mo vgs i Førde

2,5

0

2,5

Rv. 13 Utbetring haldeplassar

0,5

0

0,5

Rv. 5 Terminal Sogndal og Florø

1

5

6

Rv. 15 Kollektivknutepunkt Kjøs bru

1

3

4