Heimesjukepleiaren i Stryn er sterkt prega av den dramatiske hendinga laurdag. Då ho skulle leggje ein kapsel med flytande vaskemiddel inn i vaskemaskina gjekk eit eller anna gale.
Kapselen eksploderte opp i ansiktet hennar og Sylte hamna på sjukehus med alvorlege etseskadar.
– Eg har aldri hatt ein så intens smerte før. Det er framleis smertefullt, seier ho då NRK møter ho på sjukehuset to dagar seinare.
– Eg skjønte eigentleg ingenting
Sylte tek imot NRK på fellesrommet på avdelinga på Førde sentralsjukehus. Ho har framleis store smerter og må halde auga opne så mykje som mogleg.
Hendinga på laurdag har sett ein skikkeleg støkk i ho. Ho var på heimebesøk hos ein brukar og det som skulle vere eit heilt vanleg arbeidsoppgåve vart brått til ein kamp for synet.
– Eg skjønte eigentleg ingenting. Eg tok kapselen ut av eska og skulle legge den inn i maskina. Så hugsar eg ikkje meir før eg ligg på golvet og kava.
– Eg såg ingenting, eg grein og eg banna og steikte. Det var berre smerter, fortel ho.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
Greidde slå nummeret i blinde
Det var ein kapsel av typen Omo Power Dose som sprakk i hendene på heimesjukepleiaren.
Sylte var liggande på golvet i smerter, men til alt hell greidde ho å halde hovudet kaldt.
– Han eg var hos er dårleg til beins, men han greidde forklare meg kor alt var. Så eg fekk tak i ein vaskeklut og fekk vatn på auga.
Men når ho tok vatn inn på auga vart det nesten berre verre. På eit eller anna vis greidde ho å ringe til sjukeheimen i blinde.
– Vi har heldigvis gamle vakttelefonar med slik trykketastatur, og ikkje touch, så eg fekk kontakt med dei.
– Eg hylskreik
Ein sjukepleiar prøvde skylje auga hennar, og etter kvart vart 113 kontakta. Tove Sylte fekk beskjed om å gå i dusjen og skulle auga med lunka vatn i ein halv time.
– Men etter ti minutt greidde eg ikkje meir, det var så ilt.
– Eg såg litt på venstre auge då, men ikkje på høgre, seier ho.
Heimesjukepleiaren reiste opp att på sjukeheimen der dei heldt fram med skyljinga av auga, men smertene ville ikkje gje seg.
– Eg hylskreik, seier ho.
– Eg ville heim, men det nekta sjukepleiaren. Heldigvis.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Såg føre meg at eg skulle bli blind
Til slutt gjekk turen med ambulanse og blålys til sjukehuset på Eid. Då legen fekk sett på auga hennar forstod Sylte for første gong kor alvorleg det var.
– Han tok kontrastveske på auga og sa at det høgre auge var veldig skada.
– Då vart eg redd og såg føre meg at eg skulle bli blind.
(Artikkelen held fram under biletet)
Tredjegrads forbrenning
Turen gjekk deretter vidare til sentralsjukehuset i Førde, her stod augelegen klar og skyljinga av auga heldt fram. To dagar seinare, måndag ettermiddag har ho framleis store smerter.
Fleire undersøkingar viser at etseskadane ho har fått på høgre auge svarar til tredjegrads forbrenning.
– Eg kan ikkje samanlikne det med noko. Det svir og det raspar, seier ho og fortel at det er smertefullt både med auga opne og att.
– Veldig underleg
Utviklingsdirektør i Lilleborg, Line Vikersveen, beklagar opplevinga.
– For det første så er det veldig leitt å høyre at ein person har hatt ei slik oppleving med våre produkt. Eg har medkjensle for personen som har vore uheldig, det må eg verkeleg få seie, seier Vikersveen til NRK.no.
Produktet Omo Power Dose har vore i sal i Europa i over ti år, og Vikersveen har aldri høyrt om liknande hendingar tidlegare.
– Dette er for oss ei heilt ny hending, og det framstår som veldig underleg. Det er vanskeleg for meg å seie noko om kva som har skjedd, seier ho.
(Artikkelen held fram under biletet)
Vil finne ut meir
Lilleborg vil no ta kontakt med Sylte for å finne ut meir om episoden.
Vikersveen vil ikkje spekulere i om det blir aktuelt å trekkje produktet tilbake frå marknaden.
– Vi må finne ut meir om dette før vi kan seie noko om vegen vidare, seier ho.
– Dei som har Omo Power Dose i heimane sine, kan dei stole på at dette produktet er trygt?
– Eg har ikkje grunn for å seie at produktet skal vere utrygt å bruke, seier utviklingsdirektøren.
– Eg har vore veldig, veldig heldig
Tove Sylte har fått lov å reise heim. Med beskjed om å halde auge ope så mykje som mogleg, og dråpar som ho skal drype med.
Takka vera at ho tidleg byrja å skylje auga med vatn, vil ho mot alle odds få like godt syn som før om nokre veker.
– Eg har vore veldig, veldig heldig. Eg kunne like godt ha sete her utan syn på høgre auget i heile teke, seier ho.