Hopp til innhold

Midtstoppar på veg vekk frå Sogndal

Gustav Valsvik (19) har ikkje kome til semje med Sogndal Fotball om ny kontrakt. No reknar klubben med å miste midtstopparen.

Gustav Valsvik

FORSVINN: Sogndal Fotball ventar at Gustav Valsvik vil forsvinne frå klubben, og har allereie starta jakta på erstattar for vikjen.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

I to omgangar har den høgreiste vikjen vald å avvente med å signere tilbod om treårskontrakt med Sogndal.

No har Sogndal trekt attende tilbodet, skriv Sogn Avis.

– Eg skreiv ikkje under i mars sidan eg var langt unna laget, og usikker på framtida. No har eg starta 15 kampar på rad, men fekk likevel det same økonomiske tilbodet som i mars. Det er ikkje godt nok, då eg var benkeslitar den gongen, medan eg har vist at eg er betre sidan, seier Valsvik til avisa.

Reknar med sal

Trenar Jonas Olsson stadfestar overfor avisa at Sogndal har starta jakta på ein erstattar for 19-åringen.

Klubben ventar at Valsvik vil forsvinne før kontrakten hans går ut ved sesongslutt.

– Gustav har valt å avventa, difor reknar eg med at han vert seld. Det kan skje i dette overgangsvindauget, då han er eit salsobjekt, seier Olsson til Sogn Avis.

16 kampar – to mål

Valsvik kom frå Vik til Sogndal i 2010-sesongen. I fjor vart det sju eliteseriekampar for vikjen. Denne sesongen har Valsvik vore meir eller mindre vore fast i forsvarsrekka til Sogndal.

Han har fått 16 kampar, og har scora to mål. Scoringa i sluttminutta mot Tromsø sikra eitt poeng på Alfheim, medan han også stod for det første målet då Vålerenga vart slått 2–0.

Mot Molde vart ein skuffa Valsvik plassert på benken til fordel for Per Egil Flo.

– Det var eit taktisk val. Gustav har sin styrke i hovudspelet, men Molde spelar lite høge ballar. Per-Egil er kjappare i beina, difor passa han betre i ein kamp som denne, seier Olsson til Sogn Avis.