Hopp til innhold

Ny ordførar i Bremanger: Nei, det var ikkje avtalebrot

Ein overraska Audun Åge Røys (H) blei i dag vald til ny ordførar i Bremanger, rett framfor auga på Espen Sortevik (Ap) som alle trudde skulle få toppjobben. No stridast partia vidare om kven som braut eller ikkje braut avtalane som var gjort på førehand.

Audun Åge Røys frå Høgre blir ny ordførar i Bremanger

OMSTRIDD AVTALE: Audun Åge Røys (H) blei i dag vald til ny ordførar i Bremanger. Høgre meiner at Ap braut avtalen som var inngått (innfelt).

Foto: NRK

– Det kom litt brått på, det gjorde det. Vi fekk brått moglegheita til å få posisjonar, då måtte vi berre gripe den, seier den rykande ferske ordføraren, Audun Åge Røys (H).

Han var sjølv ikkje med å forhandle om dei ulike posisjonane i formannskap og kommunestyre. Han verkar overraska over at partikollegaene meiner at det er snakk om avtalebrot som årsak til at Høgre brått fekk ordføraren i staden for Arbeidarpartiet.

– Nei, det kan nok ikkje stemme. Det kan hende det har vore uryddigheit, det er jo mogleg. Noko meir enn det kan eg ikkje skjønne, seier ein ordknapp Røys.

I den skriftlege avtalen mellom Høgre, Arbeidarpartiet, Venstre og SV, som blei inngått 17. september, står det svart på kvitt at Ap skulle få ordføraren. Det er denne avtalen Høgre og SV no valde å gå ut av.

– Hadde soleklar avtale

Nyheita slo ned som ei bombe etter eit langt gruppemøte i dag, skriv Firdaposten. Då vart det klart at Audun Åge Røys frå Høgre er den nye ordføraren i Bremanger med 12 røyster, mot Arbeidarpartiet og Venstre sine 11 røyster. Marius Strømmen frå Senterpartiet blir ny varaordførar.

– Vi hadde ein krystallklar avtale med Arbeidarpartiet, og vi var viljuge til å støtte Espen Sortevik som ordførar under føresetnad at vi fekk våre to representantar i formannskapet, med personlege vara. Dei braut avtalen og sette opp sine eigne varafolk. Det har dei også gjort i høve SV, seier gruppeleiar Per Røys i Bremanger Høgre til NRK.

Per Røys fortel at han blei kontakta seint i går kveld om dette, og han ser på det som eit klart avtalebrot.

– Vi stabla då på beina eit alternativ som vi i dag fekk fleirtal for, seier Røys.

Espen Sortevik

LIKEVEL IKKJE ORDFØRAR: Espen Sortevik (Ap) var heilt til torsdag morgon overtydd om at han skulle bli den nye ordføraren i Bremanger.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Vann valet – tapte ordføraren

Det har tidlegare blitt meldt at Espen Sortevik frå Arbeidarpartiet skulle bli ordførar i komande periode. Det blei eit brakval for Ap med 34,7 prosent av stemmene i kommunen og ein framgang på 9,1 prosentpoeng.

Alt før valet var Høgre i kontakt med Arbeidarpartiet og Venstre for å få til ein avtale om fordeling av verv. Alt låg til rette for Ap-ordførar, slik blei det ikkje.

– Vi blei veldig overraska, det kom som lyn frå klar himmel. Det er veldig overraskande det som har skjedd og skuffande å bli skulda for avtalebrot, seier gruppeleiar for Arbeidarpartiet, Åse Leirgulen.

Skuffa over Høgre

Kåre Jarl Langeland frå Venstre var ifølgje avtalen som var inngått med Arbeidarpartiet tiltenkt rolla som varaordførar. No blir det ingenting av dette.

Eg synest ikkje noko om dette. Vi hadde jobba fram ein avtale som skulle seie rekkefølgja både i formannskap og toppverva. No ser det ut som at Høgre berre har snudd ryggen til denne avtalen, seier Langeland.