Hopp til innhold

Manglar basseng i kommunen - mange elevar kan ikkje symje

Halvparten av 3. klassingane og kvar tredje 4. klassing i Leikanger kan ikkje symje.

Leikanger barneskule

Elevar ved barneskulen på Leikanger får ikkje god undervisning til å symje.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Det skriv Sogn Avis. Heller ikkje alle elevane på ungdomsskulen kan symje.

– Det vil nok alltid vere elevar som ikkje kan symje, men problemet har auka etter at skulebassenget blei stengd, seier Haavard Stensvand.

Han er med i ei arbeidsgruppe som jobbar for å få nytt symjebasseng i kommunen. Dei har no lagt fram dei dystre tala for kommunestyret.

Rektor ved Leikanger ungdomsskule, Ingunn Marie Myhren, seier staten må bidra med pengar slik at det kan byggjast nye basseng. Dei gamle er så dårlege at dei ikkje kan brukast.

– Det er eit tap for skulen at vi ikkje lenger har eit symjebasseng, seier ho til avisa.

Elevar i Leikanger blir no transportert til Kaupanger for å få symjeundervisning.

– Dette opplegget er ei naudløysing, og kvaliteten på undervisninga blir ikkje god nok. Elevane må bruke undervisningstime på å sitje i buss, seier rektoren.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.