Hopp til innhold

Slik lærte dei å symje i 1957

– Då eg høyrde forslaget om symjeundervisning i Jølstravatnet, hugsa eg at vi hadde det same i Hyllestad då eg var ung, seier Finn B. Førsund.

Symjeundervisning i Bøfjorden i 1957

ANNO 1957: For over 50 år sidan var det symjeundervisning ute i Hyllestad.

Foto: Halvor Nygård

Han fann dermed fram nokre gamle lysbilete som viser skuleungar få undervisning ute i 1957.

Førsund fortel at han og dei andre elevane ved Leirvik skule hadde undervisning i Bøfjorden, ein sidearm til Sognefjorden.

– Dette er som eit apropos til det som skjer i Jølster no. Eg hugsar vi hadde opplæring med instruktør ute og vi sumde 200 meter. Eg var vel om lag 12 år den gongen, og eg klarte symjeknappen, fortel han.

Oppheita debatt

Symjeopplæringa gjekk føre seg i Heggebøvika, ein stad dei bade veldig mykje då han var ung.

– Vi hadde sjøen som leikeplass og hadde det moro.

Det er eit framlegg frå rektor Anne Cecilie Kapstad ved skulen på Vassenden, som har ført til oppheita debatt mellom fleire foreldre som meiner det blir både kaldt og utrygt.

Ved å spare elevane for ein halvtimes busstur kvar veg til innandørsbassenget på Skei, vil skulen også spare 120 000 kroner ved å leggje symjeundervisninga til Jølstravatnet like nedanfor skulen. No er saka utsett til den er meir utgreidd av administrasjonen i kommunen.

Vant med å bade inne

Finn B. Førsund i Hyllestad meiner at mykje av badinga til ungane i dag går føre seg innandørs, også i fritida.

– Vi er vane med å tenkje at symjing skal skje innandørs, og er nok litt prega av ein institusjonalisering. Vi er kanskje også prega av ein frykt for å bade i sjø og innsjø, trur han.

Han forstår at kommunar kanskje tenkjer nytt i forhold til symjing og kostnader.

– Det var lett å byggje symjebassenga på 70-talet, men det har vist seg kostbart å drive dei. Det er nok eit nederlag for velstands-Norge dersom undervisninga må gå føre seg utandørs igjen. På mi tid hadde vi ikkje noko alternativ.

Trur ikkje det blir utebading i Hyllestad

Men han tykkjer det er flott at dagens unge får symjeopplæring, i større grad enn på hans tid.

– Det at fleire no enn før lærer å symje, tykkjer eg er veldig positivt.

Førsund er politikar for Arbeidarpartiet, men trur ikkje at hans kommune vil satse på symjeundervisning no.

– Nei, det ser eg ingen grunn til, det er ikkje eit tema no, seier han.

Video Undervisning i Jølstravatnet

SJÅ VIDEO: Rektor ved Vassenden skule føreslår symjeundervisning i Jølstravatnet nokre månader i året.