Hopp til innhold

Spleiselag for å fylle bassenget

Ein campingplasseigar vil no starte eit spleiselag for å fylle vatn i det einaste kommunale bassenget i Vik.

Tomt basseng

Illustrasjonsbilete.

Foto: Veronica Westhrin / NRK

Bassenget er no stengt for andre år på rad, skriv Sogn Avis.

Dårleg kommuneøkonomi grunna feilslåtte investeringar i amerikanske verdipapir er grunnen til at Vik kommune ikkje har råd til å fylle bassenget med vatn.

– Eg synest det er forferdeleg fortvilande at bassenget skal vere stengt andre året på rad. Spesielt sidan ungar ikkje får symjeopplæring, seier campingplasseigar Bjørn Knudsen til NRK.

Treng fleire aktørar

Han tek no initiativ til eit spleiselag for å få fyllt bassenget med vatn.

– Det er ikkje berre næringslivet og innbyggjarane som må vere med på eit slikt spleiselag. Fylkeskommunen må vere med, staten må vere med, og kanskje kan vi få nokre kroner frå kommunen. Eg er sikker på at dette kjem til å gå veldig bra, seier han optimistisk.

God íde

Ordførar Marta Finden Hallset seier kommunen sjølv må klare å oppfylle dei lovpålagde oppgåvene med å gje skuleborn symjeundervisning, men ho set pris på initiativet.

– Dette er ein god idé, og vi vil invitere til ein samtale for å sjå kor realistisk dette er, fortel ho.

Bjørn Knudsen tykkjer det er veldig realistisk.

– Eg tippar at det er vatn i bassenget før skulen byrjar att, seier han.