Hopp til innhold

Lytteposten til Helse Førde hadde 53 saker det første året

53 personar har tatt kontakt med lytteposten til Helse Førde det første året den har vore i drift. Lytteposten er ei teneste der brukarar og pasientar på ein enkel måte kan kome med ris, ros eller andre reaksjonar etter eit sjukehusopphald.

Førde sentralsjukehuset 5

LYTTEPOST: Helse Førde har i eitt år hatt ei lågterskeltilbod for tilbakemeldingar frå pasientar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Vi har fått både ris og ros, men mest ris. Men når folk kjem med ris så er dei svært konstruktive og positive, seier rådgjevar Irene Barmen Hoel.

– Så de blir ikkje utskjelde?

– Nei, det har eg ikkje opplevd

Av dei 53 sakene dei har fått det første driftsåret gjeld 14 ris og 12 ros og då spesielt ei avdeling.

– Det er ortopedisk avdeling i Lærdal. Der har vi fått mange positive tilbakemeldingar. Folk er kjempefornøygde.

Lågterskeltilbod

Tilbodet skal vere eit alternativ til dei klagemoglegheitene som allereie finst. For nokre kan den formelle tenestevegen vere tung å gå, Målet er at terskelen skal vere lågare for å ta kontakt med lytteposten.

Skal ta i mot ris og ros i Helse Førde. Frå vesntre May Helen Vik og Irene Barmen Hoel.

TAR I MOT RIS OG ROS: Irene Barmen Hoel til høgre.

Foto: Geir Bjarte Hjetland

– Det skal vere lett å ta kontakt og lett å gi tilbakemelding. Det treng ikkje vere dei alvorlege sakene.

–Og dei som tar kontakt kan dei vere anonyme?

– Ja det kan dei vere, men dei aller fleste oppgir namnet sitt, men det er ikkje ofte at eg formidlar namnet vidare til avdelingane. Av og til er det spørsmål som vi må finne ut av, og då spør eg om det er greitt dei på avdelingane får vite namnet, slik at dei kan gå i journalen og sjekke kva som har skjedd og kome med eit tilbakemelding.

Håpar fleire tek kontakt

53 personar har altså tatt kontakt med lytteposten, det er litt færre enn det ein såg føre seg då ein starta opp tilbodet for eitt år sidan

– Vi hadde håpa at fleire skulle ta kontakt. Men det har tatt seg opp ut gjennom året, og dei siste månadane var i grunnen der det var flest som tok kontakt. Vi reknar med at fleire tek kontakt når tilbodet blir betre kjent

– Kvifor er lytteposten viktig for Helse Førde?

– Det er viktig for oss å få tilbakemelding på kva som fungerer og kva som ikkje fungerer. Det er slik vi jobbar med å forbetre kvaliteten.