Hopp til innhold

- Alternativet er kaos

Liv Signe Navarsete meiner at alternativet til ei raudgrøn regjering er kaos.

Liv Signe Navarsete
Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Vi har spurt toppkandidatane kva dei meiner om nokre aktuelle problemstilingar for Sogn og Fjordane.

Høyr portrettet med Liv Signe Navarsete

1. Kor aktuelt meiner du det er å bruke bompengar i fylket for å betale for samferdselsprosjekt?

– Det er eit spørsmål eg overlet til lokale styresmakter å ta stilling til. Dersom det er einigheit lokalt og regionalt meiner eg det kan vere aktuelt. Eg er i alle fall glad for at framsynte politikarar sytte for at Fjærlandsvegen og ny veg til Årdal og mellom Førde og Florø vart realisert gjennom bompengeprosjekt som no går mot slutten av nedbetlingstida. Desse vegane er viktige for næringsliv og folk elles.

2. Kva meiner du bør skje med den planlagde 420 kV kraftlinja tvers gjennom fylket?

– Eg lyttar til fylkespolitiske prosessar og kjem til å følgje opp fleirtalet som vil har linje i dagen. Dette for å løyse ut eit stort tal småkraftverk som elles ikkje får sendt straum inn på nettet.

3. Kva vil du gjere for få slutt på fråflyttinga frå fylket?

– Satse på utdanning, samferdsle og næringsliv, inkludert landbruk og fiske. Stimulere tilflyttarar gjennom å avskrive deler av studielånet (innanfor det distriktspolitiske verkemiddelområdet).

At ein av tre vil flytte frå Oslo og ut ”på landet” og at eit kjempestort fleirtal av utflytta ungdomar ynskjer å flytte attende til fylket gir grunn til optimisme. Men då må me jobbe saman i fylket, slutte å klage over det eine og det andre og marknadsføre mogelegheitene fylket kan by på. Og det er ikkje lite! Og så er eg sikker på at ei vidare satsing på kultur og frivillegheit er svært viktig for å skape gode lokalsamfunn som folk gjerne vil flytte til.

4. Kva meiner du må gjerast for at Helse Førde skal kome ut av dei økonomisk problema?

– Vi må gjere om helsereforma slik at helse-Noreg får tettare politisk styring. Inntil det skjer må Helse Førde kompenserast for dei kostnadene som lange avstandar og vanskeleg geografi påfører foretaket. Vi har bruk for både eit sterkt sentralsjukehus og gode lokalsjukehus. Det er uklokt å lage strid mellom desse, slik enkelte gjer. Sogn og Fjordane treng samhald, ikkje splitting for å nå fram med rettvise krav i systemet.

5. Kva er det viktigaste du som politikar vil gjere lokalt for miljøet?

– Eg vil legge om bilparken til fornybare drivstoff som el og bio. Legge til rette for at fleire kan gå, sykle og reise kollektivt, m.a. gjennom kombinasjonsruter som er fleksible i høve dei ynskje og behov folk har. Det sparer klimautslepp og gir betre lokalt miljø! Legge om oppvarming av hus frå el til bioenergi slik at el kan nyttast til elektrifisering av transportsektoren.

Litt meir personleg:

1. Kva har vore avgjerande for partivalet DITT?

– Eg valde SP fordi partiet står som det einaste som verkeleg jobbar for at distriktsfylke som Sogn og Fjordane skal ha like gode tenester, like gode vegar, like spennande arbeidsplassar som sentrale strøk og eit utdanningstilbod som kan konkurrere med kven som helst. Det er det ein kallar distriktspolitikk og det har engasjert meg sidan eg gjekk i vidaregåande. Miljøprofilen og EU-saka var og viktige då eg valde SP.

2. Kva sak er den viktigaste for DEG å kjempe for dei neste fire åra?

– Ei skikkeleg næringssatsing. Den raudgrøne regjeringa har gjort ein svært god jobb på fellesskapsområda. No må me løfte fram arbeidsplassar og bygge opp om dei som skaper verdiar i ulike næringsgreiner. Mellom anna er eg oppteken av at me skal få ei skikkeleg satsing på grøne arbeidsplassar. Spesielt ynskjer eg at Noreg skal utvikle kunnskap og teknologi slik at vi kan industrialisere fornyvbar energi. Det vil vere viktig for å kutte klimautslepp og gje mange nye arbeidsplassar tufta på naturressursane våre. Ei slik satsing kan gje minimum 10 000 nye arbeidsplassar og meir enn 40 TWh innan vind-, bio og vasskraft. Sogn og Fjordane vil ligge godt an i kampen om slike arbeidsplassar, her er rikeleg med både vind, biomasse og vatn!

- Vidare skal me satse sterkt på samferdsel, noko som er grunnlegggande for å skape vekst. Og setje kommunane i stand til å skape ein god skulegane. Ein skule der vi vi vil ha fleire lærarar heller enn lenger skuledag. Litt rart at medan det vert drøfta seks-timars dag for vaksne vil somme at ungane skal vere på skulen heile dagen. Det må vere valfritt, med eit godt SFO-tilbod. Meir praktiske fag og fleire lærarar i ungdomsskulen vil gje læringsutbytte og vere eit godt bidra til å stanse det store fråfallet frå vidaregåande skule. Alle skal få oppgåver dei kan meistre.

3. Kva er viktigast for deg i valet av politiske samarbeidspartnarar?

– Det viktigaste er at vi har felles mål for politikken. Så kan vi vere ueinige om midlane, men det finn vi alltid kompromiss som løyser. For Senterpartiet er respekt for enkeltmennesket, sterke fellesskap, forvaltartanken og desentralisering viktige stolpar i politikken. Vi har funne oss vel til rette i den raud-grøne regjeringa og fått godt gjennomslag for våre viktigaste saker denne perioden; styrka kommunane og dermed skulen og omsorga, sterk satsing på samferdsel og på kultur og frivilleg arbeid.

4. Kva parti vil du helst samarbeide med på Stortinget?

– Eg går til val på fortsatt samarbeid med Ap og Sv. Me har vist at me kan styre i lag, me har eit avklart alternativ og Sp har oppnådd mange gode resultat i samarbeid med dei to partia. Og kva er alternativet? Kaos?

5. Kva parti vil du samarbeide minst med?

– Frp står lengst frå Sp i politisk innhald, sjølv om dei har adoptert nokre av våre saker. Vi kan ikkje samarbeide med eit parti som konsekvent vil legge til rette for at dei som er sterke skal kunne bli endå sterkare og ein politikk som vil føre til større forskjellar og meir sentralisering.