Hopp til innhold

Landbruksministeren vil at bøndene skal få taksert skadane så raskt som mogleg

LÆRDAL (NRK): Landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) møtte i dag bønder i flaumråka Lærdal. Dei set no sin lit til at ministeren skal få fortgang i erstatningssakene, for å kome raskt i produksjon igjen.

Arne Slogvik, Richard Lysne og Sylvi Listhaug

LISTHAUG MØTTE BØNDER: Bærbøndene Arne Slogvik og Richard Lysne i Lærdal møtte i dag landbruksminister Sylvi Listhaug, som fekk sjå skadane flaumen gjorde på landbruksområda i bygda.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

– Det er trist å sjå korleis området ser ut no. Vi hadde store håp for morellplantinga i år, som vi står i no. Men vi må prøve å kome i gang att, seier Rikard Lysne.

Han er bærbonde i Lærdal, og fekk i dag besøk av landbruksministeren. NRK treff Lysne på landbruksområdet som for berre nokre veker sidan stod urørt for vêr og vind. Så kom flaumen, og alt vart øydelagt.

No startar den lange vegen tilbake for å byggje om området slik det var før elva kom og tok alt. Men for at dette arbeidet skal kunne gjerast, treng bøndene i området mykje hjelp.

– Me er sjølvsagt avhengige av økonomisk støtte, men det finst heldigvis ei ordning i naturskadefondet, der ein skal få midler til å føre tilbake jorda til slik ho var. Så no er me avhengige av takst, slik at vi kan kome i gang med arbeidet, seier Lysne.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Bærfelt i Lærdal tre veker etter flaumen

STORE ØYDELEGGINGAR: Store bærfelt vart totaløydelagde etter den brutale flaumen i Lærdal i oktober.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Ønskjer økonomisk støtte

Han deler skjebne med Arne Slogvik, som har bringebær og morellar i området. Alt vart skylt vekk med elva.

Korleis er det å stå her tre veker seinare å sjå at det ikkje er noko igjen?

Det er ikkje noko moro, det er det ikkje. Men eg ventar på takstfolk som kan vurdere kva som må til for å bygge det opp att. Vi får tru at dei får det til, svarar Slogvik.

Han trur at det kan bli vanskeleg å få tak i matjord som er vekke, og ventar no på takstmenn som kan kome og taksere skadane, slik at han kan få økonomisk støtte til å byggje opp bærfeltet sitt på nytt.

Vil ha fortgang

Landbruksministeren kom altså i dag til Lærdal for å sjå skadane med eigne auge, og få ei forståing for kor store skader det er tale om.

– Det gjer eit veldig stort inntrykk å sjå kva skader naturkreftene har gjort her. Her er det bønder som har brukt utruleg mange timar på å bygge opp både bringebærfelt og morellfelt som no er vaska vekk, seier Listhaug.

Bøndene seier at dei vil starte gjenoppbygginga så fort som mogleg, og set sin lit til landbruksministeren for å få fortgang.

– Det syner ein ståpåvilje som er heilt unik. Eg er veldig imponert over gløden som er her. Folk er klare til å sette i gang, seier ministeren, som skryt av den store bærproduksjonen i bygda.

Landbruksminister Sylvi Listhaug på vitjing i Lærdal

FEKK SJÅ ØYDELEGGINGANE: Landbruksminister Sylvi Listhaug fekk i dag sjå øydeleggingane etter flaumen i oktober med sine eigne auge.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

– Kva kan staten gjere for å hjelpe bøndene no?

– Vi har ansvar for naturskadeerstattingslova, og det gir bøndene rett til ein del av det som ikkje den ordinære forsikringa på hus og inventar gir, og da har ein moglegheit til å få opp mot 85 prosent av det verdigrunnlaget som takstmenn set, svarar Listhaug.

Ho legg til at Landbruksdirektoratet no er opptekne av å få taksert skadane raskt, og at dei vil finansiere fleire takstlag for lensmennene i området.

– Og det vil eg jo håpe at dei gjer, for det er klart det er viktig at dei no kjem i gang og at dei får sakene sine taksert, og det er også grunnlaget for å kunne søke erstatning. At dei har eit behov for at ting skal skje raskt, det skjønnar eg veldig godt, og det vil i alle fall vi vere med og medverke til.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Sylvi Listhaug og hennar følgje på vitjing i Lærdal

PÅ VITJING I LÆRDAL: Landbruksminister Sylvi Listhaug vart vist rundt i Lærdal av mellom andre landbruksdirektør Christian Rekkedal og fylkesleiar i Sogn og Fjordane Frp, Frank Willy Djuvik.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Kan ikkje drive utan kontroll over elvene

Dei to bærbøndene håpar landbruksminister Listhaug tek med seg inntrykka tilbake til Oslo.

– Eg håpar ho har skjønt kor store skader det er og kva for hjelp vi treng vidare, og at prosessane kan gå raskare unna framover. Det har gått tre veker og det har ikkje vore takstmenn her, seier Slogvik.

Både Slogvik og Lysne håpar at NVE vil få meir pengar til flaumsikring av elver i området, slik at det vil vere liv laga å drive med jordbruksproduksjon.

– Utan at me har kontroll med elvene her, så kan ikkje me drive nede i dalbotn. Me er nøydd til å vedlikehalde det som har vorte bygd opp gjennom mange tiår, og kanskje hundreår, meiner Lysne.