Hopp til innhold

Kvalen tilbake i Førde-drakta

Jonas Kvalen (21) kjem tilbake til Førde volleyballklubb etter proffopphald i Polen.

Jonas Kvalen

KJEM HEIM: Jonas Kvalen blir å sjå i Førdedrakt att frå hausten av.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Vi har hatt dialog med Jonas KValen sidan april/mai månad. Då vi såg at vi kunne få litt utfordringar etter at Mathias Loftesnes ville bli proff, har vi leita for å finne ein erstattar for han, seier leiar i Førde VBK, Sindre Roska til Firda.

NRK skreiv i slutten av juni at landslagsoppleggjar Kvalen var i dialog med Førde volleyballklubb om retur til norsk eliteserie.

Bytte ut halve spelargruppa

Det eitt år lange opphaldet i polske Indykpol AZS Olsztyn gjekk ikkej heilt som planlagt, og difor var sunnmøringen på jakt etter ny klubb.

Kvalen fekk så som så med speletid, og då klubben ikkje makta å nå sluttspelet, åtte Indykpol gjere grep, også for å betre økonomien.

Dermed vart raskt over halve spelargruppa bytt ut.

Skal jobbe med utvikling

Men no er altså profftilværet over, iallfall for denne gong, for oppleggjaren.

Ifølgje Firda skal Kvalen ha jobb som regionsekretær i volleyball, og jobbe litt som utviklingskonsulent for Volleyballforbundet her i fylket.

Kvalen er frå Volda, og har spelt for Førde VBK i to sesongar. Han har 16 juniorlandskampar, og har også spelt seniorlandskapmar for Norge.