– Dette graset mister energi dag for dag. Det blir mindre og mindre energi att til kyrne til vinteren, seier bonden Knut Bøyum i Fjærland.
Graset står høgt og regntungt på bøane i sognebygda. Finvêret let vente på seg.
– Skyene heng langs fjellet. Det er ikkje slåttevêr. Og det har regna i dagevis, seier Bøyum.
– Er det ein solglytt nokre timar og me byrjar å sjå lyst på livet og seier «no kan me starta traktoren», då byrjar regnet att. Men slik er det no ein gong, seier han oppgitt.
Ingen trøyst
Tunge traktorar kan øydelegge avlinga når det er så blautt. Og blir grovfôret for dårleg, må bøndene bruke meir pengar på å kjøpe fôr til vinteren.
Rådgjevar Marit Henjum Halsnes i Norsk Landbruksrådgjeving Vest kan ikkje trøyste.
– Det er veldig vanskelege innhaustingsforhold. Likevel må dei prøve å berge fôret, seier Henjum Halsnes.
Ho har eit tips til fortvila bønder:
– Dei kan stubbe graset høgt. For no er det ingen verdi og kvalitet i det grove graset som er nedst, seier ho.
Meir enn normalt
Bøndene har god grunn til å vere utolmodige. På nokre vêrstasjonar er det blitt meldt om meir regn enn kva normalen er for juni.
Og det blir ikkje betre i veka som kjem.
– Det kjem ingen langvarig turkeperiode. Onsdag og første del av torsdag blir fin, men ikkje lenge nok til å ta slåtten, seier statsmeteorolog Gunnar Livik til NRK.