Hopp til innhold

Krev sju månader fengsel for dansk lege

Aktor Erling Melvær la ned påstand om sju månader fengsel i bildrapssaka mot ein dansk vikarlege (47) dødsulukka ved Bryggja i mars i fjor. Forsvaret ber om frifinning på alle punkt.

Aktor Erling Melvær saman med bistandsadvokat Catharina Skage.

GROVT AKLAUST: Aktor, politiadvokat Erling Melvær (t.h.), meiner tiltalte var grovt aktlaus då han i høg fart kom over i møtande køyrefelt. Til venstre bistandsadvokat Catharina Skage.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Legen har denne veka stått tiltalt for aktlaust bildrap etter ulukka om morgonen skjærtorsdag i fjor. Seksbornsmora Anna Cieslak (49) omkom i ulukka.

Den 47 år gamle legen har nekta straffskuld då saka starta måndag.

– Eit samla utgangspunkt, meiner eg ligg på 10-11 månader. Men her er formildande omstende. Vi har høyrt tiltalte sin situasjon. Han er påført betydeleg skade. Det har vore noko lang sakshandsamingstid, den var utsett første gong, utan at det kan lastast tiltalte, sa aktor Erling Melvær før han la ned påstanden om sju månader i fengsel.

Beslag av førarkort

Politiet meiner farten var minst 125 km/t, at mannen tok smertestillande mot migrene og innsovingsmiddelet Zolpidem for å sove under nattevakta, og at han var påverka av medikament tilsvarande minst 0,5 promille under køyringa.

I samband med ulukka meiner dei han køyrde i motsett køyrefelt. Politiet trur ikkje at tiltalte sovna bak rattet, men at han var trøytt.

Melvær viste til at tiltalte to gonger tidlegare har mista førarkortet, og la ned påstand om tap av førarretten for alltid i Norge. På vegne av Cieslak sin sambuar, som vart lettare skadd i ulukka, la Melvær ned påstand om opp til 125.000 kroner.

På bakgrunn av tiltalte sin situasjon oppmoda politiadvokaten kriminalomsorga vurdere om tiltalte er soningsdyktig.

– Saka er eit godt bevis på kor farleg bilkøyring kan vere, og kva skade høg fart kan gjere, sa aktor under prosedyren.

Kravde 950.000 kroner

Tiltalte tok til tårene då bistandsadvokat Catharina Skage presenterte kravet ho reiste på vegne av dei seks borna til den omkomne kvinna.

Borna mista mor si i ein alder av 13 til 28 år. I straffesaker er det strengare beviskrav knytt til straffeansvar, enn ved erstatningsansvar.

På vegne av dei etterlatte borna bad Skage retten omå fråvike normalen for erstatning då ho kravde opp til 150.000 kroner til dei fem eldste, og 200.000 til det yngste bornet.

– Tiltalte køyrde i minst 125 km/t. Det er heva over all tvil. Han var påverka tilsvarande minst 0,5 i promille, og var uopplagd. Han var heilt over møtande i køyrefelt, Køyringa var spesielt klanderverdig, oppsummerte ho.

Ingen vitne

Forsvarar Paul Inge Angelshaug bad retten frifinne tiltalte på samtlege punkt, subsidiert at han blir dømd på mildaste måte. Han minna retten om at det utover tiltalte og passasjeren til den omkomne, var ingen vitne til ulukka. Det er heller ikkje spor eller tekniske funn på bilane som kan forklare ulukka.

Paul Inge Angelshaug

FORSVARAR: Paul Inge Angelshaug.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Øvrige har kome til etter hendinga, og formidla kva dei vart fortalt og såg på staden etter ulukka, sa Angelshaug.

Forsvararen presiserte at ingen har oppfatta, eller rapportert, at legen var rusa då han reiste frå jobb. Han bad retten vurdere om skadane og behandlinga tiltalte fekk etter ulukka kan ha påverka svara frå blodprøven teke vel fire timar etter kollisjonen.

Krasja i 125 km/t

Angelshaug framvheva også at legen reiste frå jobb klokka 09, kring 43 minuttar før ulukka. I mellomtida fylte legen også bensin. Det føreligg ingen opplysningar om at legen køyrde svært fort i retning Måløy.

– Ved normal køyring, og om ein køyrer normalt, vil det ta i underkant av 30 minuttar å komme dit, minna han om. Forsvararen framheva også at det er vanleg å legge seg mot venstre i ein venstresving.

Angelshaug viste også til sakkunnige Erik Aanerud som konkluderte med at tiltalte krasja i minimum 125 km/t.

– Det er ein fart det er mogeleg å oppnå på 2,5 sekund når farten er ned mot 110, sa han og gjentok forklaringa frå tiltalte at både fart og plassering i kollisjonen må skuldast ei panikkhandling.

Medforsvarar Elisabeth Elliott avviste kravet om erstatning frå sambuaren til den omkomne, samt frå dei seks borna.

- Berre taparar

Aktor opna prosedyren med å omtale saka som trist og tragisk sak, utan vinnarar.

– Det er kun taparar. Ein person omkom. Seks born mista mor si. Ein mann mista sambuaren og vart sjølv skadd. Tiltalte fekk sjølv så store skader at legane ei tid frykta at han ikkje ville overleve, sa aktor.

Legen hadde vore på nattevakt i Eid då han om morgonen torsdag 28. mars var på veg heim til Måløy. I løpet av natta fekk han migrene og tok tramadol og diazepam.

Melvær meiner legen også tok Zolpidem for å få sove. Legen meiner sjølv dette må ha skjedd i forveksling med andre tablettar. Han har også avvist at han har køyrde i høg fart.

Det er venta dom fredag 17. oktober.