Hopp til innhold

Krev å få ei forklaring på kva som har skjedd

Gruppeleiar for Høgre i fylkestinget, Noralv Distad, kan ikkje fatte kva styret i Fjord1 og fylkesordføraren har styrt på med.

Noralv Distad

KREV SVAR: Gruppeleiar for Høgre i fylkestinget, Noralv Distad, krev ei forklaring på kva som har skjedd.

Foto: pressefoto

– Det er i høgste grad grunn til å stille spørsmål om informasjonsflyten her har vore god nok. Eg trur det vil kome fram at det ikkje har vore tilfelle, seier Distad.

– Det verkar underleg

Fjord1 skreiv intensjonsavtale om fusjon med Norled, utan at fylkesutvalet – og dermed største eigaren – visste om det. Fylkesutvalet har siste tida brukt 2,6 millionar kroner på konsulentar fordi dei heller vurderer eit sal av selskapet.

4. mars i år møtte Kjelsnes styreleiaren i Fjord1, Reidar Sandal, og konsernsjef Dagfinn Neteland til ein middag på kveldstid på Grand Cafè i Oslo.

Det var berre desse tre personane til stades under middagen, som skjedde under oppstarten av fusjonssamtalane med Norled, og rett etter at styret i Fjord1 hadde blitt informert om dei komande samtalane.

Distad stiller spørsmål knytt til informasjonsflyten.

– Når eit selskap, der Sogn og Fjordane Fylkeskommune er majoritetseigar, er klar til å sette i gang fusjonsforhandlingar og ikkje orienterar fylkesordføraren om det, verkar det underleg, seier Distad.

Krev forklaring

Fyrste gongen ho vart spurd, nekta Åshild Kjelsnes overfor NRK for at middagen hadde funne stad. Men etter at NRK gjekk tilbake til ho med nye opplysningar ombestemte Kjelsnes seg.

– Det var sagt under middagen at styret og leiinga jobba aktivt med styrking av selskapet. Eg sa til dei at det må dei kome tilbake på når det er konkrete ting å fortelje, har ho tidlegare sagt til NRK.

Kjelsnes seier ho ikkje spurte etter meir informasjon. Distad krev ei forklaring.

– Fylkesutvalet må få ei orientering om kva som har skjedd, seier han.

Åshild Kjelsnes har i ei tekstmelding til NRK skrive at ho på dette tidspunkt ikkje har noko å seie i saka.